
Kor er bålet?
Torsdag blir det familiefest i Mobergsvikjo for å feira St.Hansaften. Då vi vitja vikjo onsdag morgon var det ingen teikn til bål eller feiring.
- Vi kjem til å bygga bålet i kveld, fortel speiderleiar Gunnar Stokke.
Bålet kjem dei til å byggje i vannkanten nede på stranda.
- Av omsyn til brannfare og tryggleiken blir det ikkje eit bål som dei til dømes har på Laksevåg, men det skal bli bra likevel, meiner Stokke.
Bålbyggjerane hadde opprinnleg sett for seg å bruke kapp frå bygginga av Oseana, men der hadde arbeiderane gjort ein grundig ryddejobb før opningshelga.
- No har vi fått ordna bålmateriale frå andre plassar, så vi har det vi treng.
Grilling
Barnas Turlag Os er saman med speiderane dei som står bak arrangementet.
- Turlaget har tenner grillane, så om folk har lyst til å grilla er det gode sjansar for det.
- Det blir ikkje sal av grillmat i vikjo. Vi har valgt å gjera det litt enkelt og baserer det på at folk har med seg medbrakt, seier Stokke.
Arrangementet er rusfritt.
Natursti
Dei to gruppen har saman organisert ein liten natursti rundt i vikjo. I tillegg vil barnas turlag stå for ei rekkje leikar og andre aktivitetar.
- Vi håpar det skal bli ein triveleg kveld for små og store, avsluttar Gunnar Stokke.
St.Hansfesten startar kl 17.30.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no