midtsiden

Kor tid skal pengane brukast?

Brannstasjonen blir 4 millionar kroner dyrare enn venta. No må politikarane bestemma seg for innhald.

Av: Andris Hamre Tirsdag, oktober 18, 2011 - 13:43

Revidert budsjett for ny brannstasjon viser ein nettokostnad på 47,2 millionar, om lag 4 millionar meir enn ein rekna med i mars. No må politikerane bestemma kva som skal med.

Onsdag skal kommunestyret handsama revidert prosjektkostnad for ny brannstasjon. Då må dei ta stilling til tre alternativ og om dei skal bruka pengane over investeringsbudsjettet no, eller om dei skal skyva kostandane framfor seg og få dei på driftsbudsjetta i staden.

Stort press gjev høgare pris

I midten av august la kommunen ut anbodspapira på bygging av ny brannstasjon på Moberg. Rambøll Norge AS har no gått gjennom anboda og har sett opp eit korrigert budsjett som viser ei nettokostnad på 47,2 millionar kroner (59 mill. inkl mva).

Utfordringa politikerane får i kommunestyret onsdag er at dei «berre» sette av 43,2 millionar då dei handsama saka i mars-møtet.

- Årsaka til dei auka prisene er stort press i byggjebransjen, skriv controllar Christian Moe i saksutgreiinga.

Arbeidet med å ta masseutskiftingane sjølv har spart kommunen for rundt 4 millionar kroner.

Tenkte kutt allereie i mars

Då kommunestyret handsama saka i mars blei det lagt fram tre ulike alternativ til utbygging, slik at politikerane på førehand kunne ha ei formeining om kor kostandar kunne kuttast om anboda blei høgare enn dei midla ein sette av.

Alternativ 1, som er i tråd med skisseprosjektet som ei arbeidsgruppe av politikerar og administrasjon har utarbeida, kjem altså på 4 millionar meir enn det som er sett av.

Vinninga går opp i spinninga

I alternativ 2 legg ein opp til uisolert vognhall og manglande kjøling av ventilasjonsanlegget i kontordelen.

- Dette er estimert til å bli 3,6 millionar billigare enn alternativ 1.

- Arbeidstilsynet vil neppe godkjenna at ein ikkje har kjøling på ventilasjonsanlegget, skriv Moe i utgreiiinga.

Å ikkje isolera vognhallen (garasjen i brannstasjonen, ikkje den gamle vognhallen i sentrum) vil gjera at den ikkje egnar seg arbeidsplass vinterhalvåret på grunn av låg temperatur og fare for is på golvet.

- Ein kan òg oppleva at utrykkingskjøretøya blir utsett for ising.

Konsekvensen av å velga alternativ 2 kan vera at ein i staden må bruke mykje meir på oppvarming av vognhallen då eindel av oppgåvene, som vedlikehald og tørking av bilar og utstyr, naturleg må gå føre seg der.

- Ein må derfor tru at ein del av vinninga går tapt, skriv kommune-controllaren.

I tillegg vil truleg ei etterisolering om nokre år ha ein høgare kostnad enn å gjera det i samband med bygginga.

Sparer på samlokalisering

Det tredje alternativet er som alternativ 2, men i tillegg droppa ei samlokalisering mellom legevakta og brannstasjonen.

- Bygging av legevakta saman med brannstasjonen vil ikkje medføra ei auke i utgiftene, då ein har høgare utgifter til leige i dag enn det utgiftene til avdrag og renter for nybygget vil utgjera, skriv Christan Moe i saksutgreiinga.

I tillegg ser brannsjef Stein Gjøsund ei stor fordel med ei samlokalisering kor dei to fagetatane kan dra nytte av kvarandre i enno større grad enn det dei gjer i dag.

- Ei samlokalisering vil bidra til ei endå meir effektiv drift av redningstenesten i Os kommune, sa brannsjefen då midtsiden.no snakka med han tidlegare i oktober.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11