Lokal | 13. jan. 2016

Kostnad som venta på bygolvet

Prosjektleiar Tor Inge Døsen seier prisen for «bygolvet» på Øyro vert om lag som forventa.

Kostnad som venta på bygolvet
Tor Inge Døsen då han tok i mot anboda like før jul (foto: Cathrin Valestrand)
Cathrin Valestrandonsdag 13. jan. 2016 13:57

Det kom inn sju anbod i konkurransen om å få leggja bygolv i portugisisk granitt i «bydraget» frå den gamle brannstasjonen til elva.

– Tilboda ligg på åtte til ti millionar kroner, og vi er tilfredse med anboda som kom inn. Vi har sendt brev til valgt entreprenør og informert dei andre tilbydarane, så no ventar vi på at klagefristen skal gå ut før vi kan gjera noko meir, seier Døsen.

Midt på treet

– Vi valde det tilbodet som vi tykte var best samla sett, og det var i samsvar med kostnadsestimatet vårt.

– Totalt er det snakk om kring 5000 kvadratmeter som skal få granittdekke, og prisen blir vel liggande mellom 9 og 9,5 millionar kroner, seier Døsen, som ikkje let seg lokka til å røpa noko meir om kven som fekk tilbodet om denne entreprisen.

Neste steg

Døsen meiner at ein i løpet av eit par veker også skal ha fått lyst ut den andre entreprisen i oppgraderingsarbeidet på Øyro.

– Den neste vil omfatta torghuset med kafé og overbygg som muleggjer torghandel utan å verta våte om det kjem ei skur. Den inneheld også baldakinane, vassfontena på torget, bymøblar og belysning, skilt og merking.

Flytting av kunst

I denne andre entreprisen ligg det også inne flytting av kommunale kunstverk.

– Gjennom hausten har kommunen kjøpt inn ein del kunst som no står på Kyrkjeflaten. Denne skal flyttast til Øyro slik at den vert meir synleg for folk.

– Det er litt uvant arbeid dette her, så vi må berre prøva oss fram litt, seier Døsen.

Han peikar på at det går med noko tid no framover til å få granitten på plass på Os.

– Det tek litt tid å produsera steinen, så tida no fram til påske reknar vi med går til planlegging og prosjektering.

Grunneigarsamarbeid

– Sidan de er komne så langt at entreprise nr to snart vert lyst ut, er det rimleg å gå ut ifrå at grunneigarane då er med på laget?

– Det har dei alltid vore! Og sentrumsforeninga, grunneigarar og alle ser fram til opprustninga.

– Vil det seia at alle no er med?

– Nei, ikkje alle enno. Men vi har hatt fellesmøte, individuelle møter, og alle har fått informasjon om det som er på gang. men det er klart, vi held fram å forhandla med dei enkelte, og dette blir veldig bra til slutt, avsluttar Døsen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.