Lokal | 12. apr. 2016

Køyrde for seint - blei meldt til politiet

Fleire bilistar reagerte på den låge farten. Den kvinnlege føraren kjente seg ikkje igjen i skildringa av eige køyremønster.

Køyrde for seint - blei meldt til politiet
Bilen som ifølgje vitne køyrde seint frå Kalandseid til Os blei stoppa ved Tøsdalsskiftet. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 12. apr. 2016 07:44

Måndag i 17-tida fekk politiet melding om vinglete køyring og låg fart på ein bil som køyrde forbi Kalandseid mot Os.

– Bilen skal ha lagt godt under fartsgrensa over eit langt stykke, utan å sleppa bilar forbi, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Ein patrulje blei sendt ut og stoppa bilen ved Tøsdalsskiftet.

Blir meldt

Bilførar kjente seg ikkje igjen då politiet refererte til vitne og skilda køyringa hennar.

– Ho blir likevel meldt for brot på paragraf 3, for å ha vore til hinder for normal trafikk.

Om kvinna ikkje godtar forelegget hamnar saka i retten med andre bilistar som vitne.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.