Lokal | 11. nov. 2017

Køyrde til Lagunen i hasjrus

To menn frå Os er denne veka dømt for køyring i påverka tilstand.

Køyrde til Lagunen i hasjrus
Bergen tinghus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 11. nov. 2017 08:28

To menn frå Os, begge i 20-åra, er denne veka dømt for køyring i rus.

Den eine blei tatt med promille i Hardanger, etter ein køyretur på over 30 kilometer, ein søndag morgon i juli.

Blodprøve tatt same morgon viste at han hadde promille på 1,6. Bilen han køyrde var utan gyldig forsikring.

Sikta møtte i retten og tilsto. Han blei dømt til 24 dagar fengsel utan vilkår, til 57.000 kroner i bot og til tap av førarretten i 2 år.

To gongar i narkorus

Den andre blei tatt i Os etter ein køyretur til Lagunen ein torsdagskveld i februar.

Då var han påverka av både hasj og amfetamin.

Ein onsdag formiddag i juli blei han tatt igjen, denne gong køyrde han utan førarkort, og i hasjrus.

Rusen tilsvarte 0,5 til 0,8 i promille, noko som normalt gir rundt 12 månadar tap av førarretten. Då sikta hadde seks aktive prikkar på førarkortet, blei tapsperioden forlenga.

Sikta blei dømt til 15 dagar fengsel på vilkår, 14.000 kroner i bot og tap av førarretten i 17 månadar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.