Dirigent Ann Elisabeth Tveit, som no driv med musikk på fulltid, gir alt på øving med Os kammerkor. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Kraft, presisjon og humør

Os kammerkor øver til Queen-tribute, deira første storkonsert med popmusikk.

image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

– Å synga Freddie Mercury krev sitt. Han var ikkje berre ein atletisk vokalist, han song med energi og kraft, og du klarer ikkje gjennomføra nokon tribute utan å gjera det same, dirigent seier Ann Elisabeth Tveit.

Ho fortel om mykje fokus på teknikk.

– Det er lett for å vera opptatt av kva som er fint, av korleis det er fint å synga. Ved å sleppa dette fokuset, og heller vera bevisst på stemma som eit instrument, korleis å synga på ulike måtar, kan du bli betre reint songteknisk.

I samband med øvinga til Queen-hyllesten har dirigenten noko spøkefullt sagt at vi ikkje lenger har bass, vi har fjerdesopranar.

– Det blir lysare enn dei er vant med, seier Tveit.

– Det er eit mareritt, eg har nesten byrja å snakka sånn, ler Eirik Lyssand.

Til Haugesund for å øva

Laurdag 20. januar er det tid for konserten «Friends will be friends» i Oseana, der Os kammerkor saman med Kor Camena frå Haugesund (dirigert av Karina Lange) og bandet Just 4 You frå Karmøy skal hylla det britiske bandet Queen.

– Det er ikkje første gong Os kammerkor har konsert med andre kor, men det er første show der vi syng popmusikk, fortel dirigenten.

Midtsiden var med på delar av øvinga i Os barneskule onsdag kveld.

(Artikkelen held fram under videoen)

Søndag skal kora og bandet øva saman i Haugesund. Solist er Ole Andre Westerheim (25) frå Fitjar.

– Vi har jo vår eigen Eirik Søfteland, som då han deltok i Idol viste kor stødig han er på Queen. Vi ville jo tenkt på han, om det var vi som sette opp programmet, men Westerheim er òg veldig flink, og har deltatt på fleire Queen-tributes, kjem det frå eit kormedlem.

Bandet Just 4 You blei danna i 1994 og består av:
Sten Arve Nornes - keyboards
Jan Einar Haaland - trommer
Roger Pedersen - gitar
Karl Erik Lie - bass

Dirigent på fulltid

Tveit har dirigert 45 år gamle Os kammerkor sidan våren 2015.

– Eg er frå Stabæk, same stad som førre formann. Det er ei lita kopling eg liker. I tillegg har eg bestefar frå Tysnes og far mi si kusine, «tante» Ragnhild, som var lærar på Os vgs. Eg prøver å skryta på meg litt vestlandsgener, seier Ann Elisabeth.

Ho bur på Landås og har jobba mange år som lærar.

– For eit år sidan så slutta eg for å driva fulltid som frilansdirigent og songpedagog.

I tillegg til å dirigera fem kor har ho privatundervising med unge og vaksne vokalistar.

– Når du skal jobba tett og grundig med så mange, fortener dei at du som pedagog eller dirigent gir 100 prosent, ikkje 60. Når eg no driv med dette på fulltid får eg betre tid til det eg liker best.