Mannen som knuste denne ruta har sagt at han vil gjera opp for seg. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Krangla om sprit og pengar

Ein mann blei tatt for ruteknusing i sentrum. Ein annan blei funnen sovande i eit busskur.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Tirsdag, februar 7, 2012 - 10:43

Måndag fekk politiet melding om ruteknusing på venterommet på bussterminalen i Os sentrum.

– Ein mann hadde sparka inn glaset i ei dør. Drosjesjåførane hadde kontroll på vedkomande til vi kom til staden, seier politioverbetjent Terje Sperrevik.

Årsaka til ruteknusinga skal vera krangel om lån av pengar til ei flaske brennevin.

Ruteknusaren, som er i 20-åra, erkjente forholdet og har sagt at han vil kontakta kommunen for å gjera opp for seg.

Sov i busskur

Måndag kveld fekk politiet tips om at det låg ein person og søv i eit busskur mellom Rema 1000 og AMFI Os.

– Meldar hadde kjørt forbi så vi kontakta ambulansen. Ambulansepersonel vekte personen og undersøkte vedkomande før personen blei sendt frå staden i buss, fortel Sperrevik.

 

 

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11