
Politiet måtte ta tre turar til Os sentrum natt til søndag for å bistå ved bråk (arkivfoto: Andris Hamre)
Kranglevorne gjestar
Natt til sundag måtte politiet tre gonger svinge bortom Os sentrum og Irish Cat for å bistå vaktane med kranglevorne gjestar.
- Første gongen var då to utenlandske personar blei bortvist i døra fordi dei var for fulle.
- Det fann dei seg ikkje i og starta bråka med vaktane. Då politiet kom og ba dei forlata sentrum tok dei til vetet og fulgte oppmodinga, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.
Blir anmeldt
Verre var det med karen litt seinare på natta. Han måtte leggast i bakken grunna bråk og yppa seg vidare på vaktane når dei slepte han.
- Han heldt fram med å bråka også med politiet, så han kan venta seg ei anmelding for bråk på offentleg stad.
Etterkvart tok også denne karen til vetet og forlot plassen.
Sist ute var ei tynnkledd kvinne som hadde fått seg litt for mykje å drikka.
- Ho blei køyrd til lokal legevakt for ein sjekk, men kan òg moglegens venta seg ei anmelding for bråk på offentleg stad.
Vil ta politiet til kommunestyret
Igjen opplevde patrulja at andre gjestar blanda seg inn i politiet sitt arbeide.
- Nokra av dei var ikkje nøgd med den jobben patrulja og sa dei ville ta det opp i kommunestyret.
- Det må dei gjerne gjera. Dei er òg hjarteleg velkomen til å klaga på lensmannskontoret i ettertid, men dei må la patrulja få jobba i fred når dei er på plassen, seier Sperrevik.
Tilhold på Amfi og påkøyrd hjort
I tillegg til bråket i sentrum har politiet i løpet av helga fått melding om ein kar som tok tilhold på Amfi. Han blei eskortert videre til lokal legevakt.
Ein hjort blei fredag kveld påkøyrd i Borgavegen.
- Det heile skal ha gått i roleg tempo og det skal ikkje ha blitt skadar på bilen. Viltkontakten blei varsla, fortel politioverbetjenten.
Midtsiden har frå viltkontakten fått opplyst at det også med hjorten gjekk bra.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no