Lokal | 03. aug. 2014

Kreativ bading i Lysefjorden

VIDEO: Sånn går det når Mattias Wold og kameratane blir lei av vanleg bading.

Kreativ bading i Lysefjorden
Kameratane sykla rett ut i Lysefjorden - bestemann fauk rundt 10 meter ut frå kaien før han landa i sjøen. 
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 03. aug. 2014 20:37

På sykkel i høg fart og utfor ein kai – det starta med sparkesykkel i fjor og blei oppjustert i fart i år.

– Det var Sindre sin idé, seier Mattias Wold om kameraten Sindre Solemdal.

Av ein venegjeng på ni var det seks som sette seg på sykkelen og tråkka utfor hoppet og rett i Lysefjorden.

– Det var veldig gøy! Vi kjørte på og hoppa berre lengre og lengre. Sindre blei til slutt den som hoppa lengst, han fauk 8-10 meter ut før han landa i sjøen.

Kameratane festa redningsvestar og 6-7 tomflasker på syklane så dei skulle halda seg flytande.

Dei fanga også det meste på film.

VIDEO: Sjå badeleiken i Lysefjorden, frå ein kai i Nordvik, filma med GoPro-kamera. På filmen: Mattias Wold, Sindre Solemdal, Thorbjørn Hansen, Alexander Balland, Aleksander Skåtøy, Andreas Olsen, Eivind Olsen, Daniel Moberg og Sandra Bjørkelund. (Privat foto)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.