Krev veg før blokk
Manglande avtale om veg stoppa endring av reguleringsplan i Vågshaugen.
Bildeserie:
Før plan- og bygningsutvalet handsama endring til reguleringsplan for Vågshaugen torsdag nytta dei høve til å dra på synfaring. Ei synfaring kor dei blei møtt med stort engasjement frå naboar og andre berørte.
– Vegen er problemet. Som advokaten til grunneigaren sa på synfaringa så må denne avklarast mellom tiltakshavar og grunneigar før vi går inn for reguleringsplanen.
– Det tykkjer eg er forholdsvis rimeleg. Når tiltakshavar har fått orden på grunnspørsmål om vegen får han heller koma tilbake til oss, opna Harald Døsen (Ap) då utvalet var vel tilbake i møtesalen.
Tiltakshavar har vegrett til ein bustad i dag, men utvalet var slett ikkje trygg på at ein utan vidare kunne seia at den gjeld for ni nye bueiningar.
Nei til blokk i einebustadområde
Det var ikkje berre vegen som gjorde utvalsmedlemmane tilbakehaldne.
– Eg stussar på plasseringa av bygget. Fortetting er flott, men dette tykkjer eg er på feil plass, kommenterte Sonja Vernøy Hansen (Frp).
– Bygningskroppen er òg forstørra. Det burde vore to einebustader i staden, det hadde passa betre, supplerte Jonny Garvik (H).
Dei to posisjonspolitikarane fekk støtte frå opposisjonen gjennom Øystein Nordvik (TvS).
– Å setja ei bustadblokk midt oppe i eit einebustadfelt blir heilt feil. Ikkje minst estetisk. Den vil skilja seg veldig ut.
– Her må vi vera veldig tydelige på at ein må byrja i rett ende, kommenterte Nordvik.
Sendte saka tilbake
– Då sender vi den tilbake med signal om at dette er einebustadområde, at dei må sjå på vegen med ei utviding heilt ned til Kuvågvegen.
– Dei må òg avklara dei privatrettslege tilhøva og vurdera om vegrett knytt til ein einebustad kan nyttast som vegrett til nimannsbustad, avslutta fungerande utvalsleiar, Gustav Bahus (Frp), som fekk samrøystes tilslutning til konklusjonen.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.