
Inger Lise Lekven har krympa butikken ned på éin etasje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Krympar, men held koken
Drageset skal halda fram med glas- og veskemagasin på AMFI Os, men legg til nyttår ned både glasmagasin og leikebutikk i 2. og 3. etasje Os sentrum.
Les òg: Drageset avviklar på Os
Dette blei kjent i september, og sidan har det vore opphøyrssal i dei to etasjane.
– Vi starta med 30 prosent rabatt, auka så til 40 og no er det 50 til 70 på resten, seier ei av dei tilsette, Inger Lise Lekven.
Panner, kjøkkenutstyr, bestikk og kjente varemerker som Menu, Eva Solo og Rosendahl gjekk unna først. I førre veke blei dei to etasjane krympa ned til éin.
– Vi må prøva å gjera det innbydande sjølv om det byrjar å bli tomt.
Held fram i to veker til
Inger Lise har jobba for Drageset i 16 år og blir med til butikken på Amfisenteret når det blir stengt på Os.
– Men først har vi ein del varer å selja, lageret var stort og det er framleis mykje fint igjen, seier ho.
Butikken held open fram til rundt nyttår.
Kva med lokala?
Innehavar Bjørg Drageset Lyssand er nøgd med opphøyrssalet og seier samstundes at ho får mange spørsmål om kva som no kjem inn i lokala.
– Vi har ikkje annonsert lokalet som ledig enno, men vi har hatt 3-4 interessentar.
Kva som blir å finna i etasjane over Joker-butikken er likevel for tidleg å seia.
– Vi kjem ikkje til å jobba med å finna nye leigetakarar før neste år, men det ser ut som det kan vera marknad for å finna fleire som vil etablera seg på Os, seier Bjørg.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no

