Sport | 04. juni 2016

Kul’an i Kautokeino

I dag er det to veker sidan start. Etter 350 km nyter Jon, Patrik og Trygve to velfortente netter på hotell!

Kul’an i Kautokeino
– Hadde dei hatt spa så hadde vi bestilt det òg, seier gutane som i går runda av ein lang dag i badestampen på hotellet.
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 04. juni 2016 08:02

Bildeserie:

Turen skal via Sverige til neste depot Abisko. (Kart: Google Maps)
Turen skal via Sverige til neste depot Abisko. (Kart: Google Maps)
1 av 1
Turen skal via Sverige til neste depot Abisko. (Kart: Google Maps)

Dei to første vekene har gått bra for Jon Espevik, Trygve Berentzen og Patrik Søreide, som har som mål å gå Norge på langs, frå Nordkapp til Lindesnes.

– Vi har vore heldige! Det har gått bra med foten til Patrik, som var skadd før avmarsj, men som eg no trur vi kan erklæra frisk, og vi har vore heldige med vêret.

Nei, gutane går ikkje og sveittar i 24 varmegradar, slik vi gjer i Os for tida. Dei har hatt 15 varmegradar, lite nedbør og stort sett vinden i ryggen.

Sjå bildeserie og les skildring frå dag 2 til 9

Sto på for å få ei ekstranatt

Dei har hatt kviledag og dei har hatt dagar der dei ikkje har lagt så mange kilometer bak seg. Men skia er levert, lasta har blitt lettare og fredag la dei bak seg heile 40 kilometer.

– Vi skulle i utgangspunktet slå leir ei mil før Kautokeino, for så å koma inn til byen for ei natt på hotell frå laurdag til søndag.

– Men det gjekk unna og vi bestemte oss for å stå på til vi var framme, med ei ekstra natt på hotell som gulrot.

Fredag kveld var dei framme, bestilte biff og tok seg ein god dusj.

– No har vi nett ete dessert og sit med ei øl og ser på ein jaccuzi. Eg tenkjer at vi testar den før vi legg oss, sa Trygve til Midtsiden fredag kveld.

I løpet av natta har vi fått bilde av gutane godt plassert i boblene.

Første depot

Dei tre turkameratane har stort sett budd i telt til no, men har òg hatt seg nokre netter i turisthytter.

Kautokeino er ikkje berre første netter i seng på to veker, det er òg første depot.

– Vi har jo ete anna enn det vi har hatt i sekken, når vi har vore innom tettstadar. Men her er første påfyll av turmat, pakkar sendt heimefrå.

– Har det blitt gjort justeringar i bestillinga i løpet av turen, at det er noko de har sett bør gjerast annleis?

– Ja. Vi har bestilt mindre turmat enn venta. Jon kan ikkje få nok av frysetørka mat mens eg og Patrik er litt lei og helst et andre ting.

Gjennom Reisa og Sverige til Narvik

Turen frå Kautokeino går søndag vidare gjennom Reisadalen med Reisa nasjonalpark.

Gutane skal òg innom Sverige og er om cirka to veker venta å vera framme i den svenske byen Abisko, som er neste depot.

– Derfrå går vi vidare til Narvik, noko som gjer at vi òg går Noreg på tvers, rett nok på smalaste punkt, ein tursti på rundt 12 kilometer, fortel Trygve før jaccuzien kallar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.