Lokal | 08. sep. 2017

Kulturvandring i nyvaska Fjellheim

Fjellheim er rydda og vaska. Søndag inviterer Os Sogelag til vandring i den gamle storstova.

Kulturvandring i nyvaska Fjellheim
Storesalen er rydda og vaska til vandringa søndag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 08. sep. 2017 06:54

Bildeserie:

Tore Moberg med emblemet frå dei som fekk bygd huset. Os Turn og Os musikkforening (foto: AH)
Tore Moberg med emblemet frå dei som fekk bygd huset. Os Turn og Os musikkforening (foto: AH)
Torsdag blei det vaska og lufta (foto: AH)
Torsdag blei det vaska og lufta (foto: AH)
1 av 2
Tore Moberg med emblemet frå dei som fekk bygd huset. Os Turn og Os musikkforening (foto: AH)
Torsdag blei det vaska og lufta (foto: AH)

Torsdag var representantar frå Os Sogelag, Foreningen Bevar Fjellheim og kultureininga i Fjellheim for å rydda og vaska før søndagens kulturvandring i det gamle forsamlingshuset.

– Kjenn kor godt det luktar, smiler gjengen som har skura gulv og vegger med grønnsåpe og klorin.

– Vi er veldig glade for den responsen vi fekk frå kultureininga då vi ba om å få vaska og rydda her før søndagen. Dei stilte på strak arm, skryt Tore Moberg som er ein av dei som vil leie kulturvandringa.

Nyare og gamal Fjellheim-historie

Os Sogelag har arrangert fleire kulturvandringar tidlegare, mellom anna til Gaassand kraftstasjon og til fornminnene på Søre Neset.

– No er det Fjellheim som står for tur. Det gamle og stolte bygget står framleis som eit landemerke ved innkøyringa til Osøyro og ber med seg ei lang og spennande kulturhistorie.

– På søndag frå klokka 13 vil vi ta for oss delar av den historia. Frå brannen i 1936, gjenreisinga, arkitekturen og aktiviteten som har vore i huset fram til det blei stengd i 2011, avsluttar Tore Moberg.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.