midtsiden

Kunst, kultur og fiske

Fiskekonkurranse, danseoppvising, open båt og opning av kunstutstilling: Laurdag startar kystsogevekene i Os.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy Torsdag, august 12, 2010 - 17:01

Det ligg an til ei folksam og fin opning av kystsogevekene i Os førstkomande laurdag. I fjor og fleire gongar tidlegare har det vore kaldt eller regna denne dagen, i år er det meldt 21 varmegradar, lite vind og skyfri himmel.

Kystsogevekene er samla sett eit stort kulturarrangement som blir markert i 20 kommunar på Vestlandet frå 14. august til 19. september.

I Os startar det med opning i Søre Øyane laurdag 14. august og held fram med  Bondens Dag og Oselvarfestivalen i Os sentrum 28. august og Kulturminnedagen sundag 12. september.

Under opninga laurdag blir det både fiskekonkurranse, open båt på Hargun, vernissasje på Vedholmen Galleri, som fyller 10 år i år, og danseoppvising om bord på Hargun av Malin Brimsholm.

Vedholmen Galleri si utstilling er med kunst av kunstnarane som driv galleriet, skulptur, handverk og foto av Vibeke Harild og Peter Marron. Dette er første gong dei opnar utstilling utelukkande med eigen kunst.

Går du for å vinna fiskekonkurransen?
Her er dei som vann i 2009:
Over 16 år: Jostein Røttingen, 5,5 kilo
10 til 16 år: Caroline Sørstrønen, drøye 2 kilo
Under 10 år: Markus Hufthammer, 1,140 kilo
Jon Tore Døsen si pale på 1,150 kilo var største fisk som blei fiska dei timane konkurransen heldt på.

PROGRAM - Kystsogevekene 2010 i Os kommune

Laurdag 14. august:
Opning av kystsogevekene i Søre Øyane
Fiskekonkurranse, utstillingsopning, båtliv og aktivitetar i Søre Øyane.
Kl 11.30 opning av kystsogedagane v/Bunnpris
Kl 11.30-15.00 "Øyane før og no"
Kl 12.00-15.00 Open båt på Hargun, ligg på Sundøya
Kl 12.30  Danseoppvisning på Hargun ved Malin Brimsholm
Kl 12.00-16.00 Jubileumsutstilling på Vedholmen Galleri, Sundøya. www.vedholmen-galleri.com
Kl 12.30-14.30 Fiskekonkurranse for heile familien ved Os Småfiskarlag
Kl 15.00 Premieutdeling

Laurdag 28. august:
Oselvarfestival og Bondens dag
Kapproing og aktivitetar i og ved Oselvo i den årlege Oselvarvestivalen, og Bondens dag med marknad, torghandel, aktivitetar og underhaldning på kyrkjeflaten og i sentrum.
Kl 10.00 Gratis frukost på Osøyro
Kl 10.00 Utstilling og ymse aktivitetar på kyrkjeflaten og i sentrum
Kl 11.00-14.00 ope hus på Oselvarverkstaden
Kl 11.30 Defilering med Oselvarar på Oselvo
Kl 12.00 Musikk i Oselvarnaustet
Kl 12.30 Kapproing med Oselvarar
Sal av vaflar og kaffi i Oselvarnaustet

Sundag 12. september:
Kulturminnedagen
" Nytt liv i gamle minne" - Kulturvandring mellom gamle bygningar med nye funksjonar på Osøyro.
Åsmund Lien og Øyvind Bugge for tel om bygningane
Kl 12.30 Oppmøte ved Irisfabrikken.

SJå også www.kystsogevekene.no

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11