Kultur | 07. des. 2012

Kva skal pianoet heita?

Pianobar har blitt ein stor suksess på Solsiden. No har Sagstad investert i eige piano - gult og kult - og inviterer osingane til å døypa instrumentet.

Kva skal pianoet heita?
Tore André Sagstad (t.v.) fekk i går levert nytt piano til Solsiden. No ber han om hjelp til å finna namn til pianoet. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 07. des. 2012 09:47

Fredag 19. oktober var første kveld med pianobar på Solsiden, eit prøveprosjekt med plan om pianounderhaldning om lag annakvar helg ut året.

Les òg: CJ Marvin lagde stemning (med video frå pianobaren)

– Det har vore så god respons at vi allereie har bestemt oss for å ha pianobar kvar fredag og laurdag ut året og vidare kvar helg utover 2013, seier innehavar Tore André Sagstad.

Til no har han hatt CJ Marvin sitt piano ståande, men i går fekk Solsiden eige piano levert på døra.

– Vi har fått lakkert det med billakk, gult og kult. Men alle pianobarar med respekt for seg sjølv har piano med namn, vi treng namn til pianoet og ønskjer tips, seier Sagstad.

No inviterer han publikum til å koma med forslag, gjerne eit jentenamn.

– Skriv inn forslaget ditt på facebooksida til Solsiden innan 20. desember. Den som kjem med namnet vi vil bruka vinn middag, tapas for to. To andre gode forslag blir premiert med gratis bowling.

Namnet på pianoet, og vinnaren, blir publisert på Midtsiden julaftan 24. desember.

– Vi er veldig takksam for den oppslutnaden det har vore på pianobaren. Gjestane er mange, dei er godt spreidd i alder med hovudvekt på vaksne, og stemninga er veldig god.

– Når vi har varma oss med god pianounderhaldning gjennom vinteren er vi veldig spente på våren og sommaren, når uterestauranten er i bruk. Kanskje må vi flytta pianoet ut dei første timane på kvelden, seier Sagstad.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.