Lokal | 12. juni 2017

Kva skal stå på skiltet ditt?

15. juni kan du søkje om ditt heilt eige personlege bilskilt. Kva vil du køyre rundt med?

Kva skal stå på skiltet ditt?
15. juni kl 1100 opner Statens Vegvesen den elektroniske tenesta kor du kan søkje om ditt personlege bilskilt (foto: Henriette E. Busterud/Statens Vegvesen)
Andris Hamremandag 12. juni 2017 08:44

For 9000 kroner får du retten til eit personleg bilskilt i 10 år, fortel Statens Vegvesen i ei pressemelding.

Første mann til mølla

Søknaden om personleg bilskilt må du levere gjennom den digitale tenesten til Statens Vegvesen som blir lansert 15. juni kl 1100. Om det er fleire søknader til same teiknkombinasjon, vil søknaden som først blei registrert hos Statens Vegvesen få førsterett til kombinasjonen.

– Vi veit at det er mange som har spurt etter personelg bilskilt og no kan vi tilby dette også i Noreg. Prisen på 9000 kroner er satt for å dekke inn kostnadene ved ordninga, men skal òg gje eit overskot som skal øyremerkast trafikksikkerheitsformål, seier Heidi Øwre, seksjonsleiar ved kontor for køyretøygodkjenning og registrering i Vegdirektoratet.

Kun elektroniske søkander

Du kan ikkje berre ta ein telefon eller senda ein e-post til vegvesenet for å få ditt personlege skilt.

– Når den digitale tenesten blir gjort tilgjengeleg 15. juni, kan du sjekke om tegnkombinasjonen du ønskjer deg er ledig. Om den er det kan du søkje om å få tildelt skiltet. Du kan berre søkje gjennom den digitale tenesten. Søknader som kjem på telefon, post eller e-post vil ikkje bli handsama.

– Det vil vera ein manuell godkjenning av alle søknadane. Det er vanskeleg å seie på førehand kor stor pågangen blir og kor lang behandlingstida vil bli, seier Øwre.

Må ikkje vera støtande

Det er eit krav til at tegnkombinasjonen ikkje er støtande, til ulempe for nokon eller krenker varemerkerettigheiter. Alle personlege skilt må ha minimum to og maksimum sju tegn. Dette skal vera ordinære norske bokstavar og tal, inklusive eventuelle mellomrom.

For å søkje må du vera fylt 18 år og eige den aktuelle bilen, uten medeigar, som skal ha skiltet.

Kan ikkje selgjast

Får du godkjenning på søknaden din må du betala 9000 kroner innan 30 dager, om ikkje blir tegnkombinasjonen frigitt og andre kan søkje på den.

– Eit personleg bilskilt følgjer ikkje bilen ved sal, men du kan knytte det personlege bilskiltet til din neste bil.

– Det er ikkje tillete å selgje bilskiltet vidare til nokon andre, opplyser Øwre.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.