midtsiden

- Kva vil du ha her?

Eit av dei mest attraktive lokala i sentrum er ledige. John Fagerthun lurar på kva butikk osingane saknar i sentrum.

Av: Andris Hamre Fredag, november 25, 2011 - 13:45

Etter at Fagerthun gav seg med gull og ur i sentrum har eit av dei mest attraktive lokala på gateplan stått tomme.

- Tanken var eigentleg å lage ei firmagåveavdeling i tillegg til den verksemda eg driv med pokalar og premiar, forklarar John Fagerthun.

- Etter ei stund i tenkjeboksen har eg kome fram til at eg ikkje har kapasitet til å gjera det. Difor er eg no på jakt etter nokon som vil driva butikk i sentrum.

Fagerthun inviterer osingane til å kome med innspel og fortelje kva type verksemd dei saknar i sentrum.
Bruk kommentarfeltet nedanfor eller send ein e-post til andris@midtsiden.no.

Ønskje om eit levande sentrum

Fagerthun har ikkje klare tankar på kva type butikk han kan tenkje seg, men bank og frisør meinar han det er nok av i sentrum.

- Eg vil ha inn ein leigetakar som vil driva ei verksemd eller butikk som er open på dagtid og som osingane ønskjer seg.

- Det trur eg er viktig for å utvikla sentrum som ein handelsstad og bidra til å skapa eit levande Osøyro.

Dei 107 kvaderatmeter store lokala er innflytningsklare mest på dagen.

- Alt av straum, data og tele ligg klart. Om ein ønskjer å ha med innreiinga så er det òg mogleg, seier Fagerthun.

Leverer i hele landet

Fagerthun sjølv vil, med selskapet Fagerthun Int AS, halda fram med premiar, pokalar og firmagåver.

- Eg har no så mange store kundar over heile landet at eg såg at tida ikkje strakk til til å drive butikk ved siden av.

På kundelista står mellom anna Voss Cup og Lillestrøm Sportsklubb (LSK) i tillegg til små og store lag og firma i nærområdet.

- Verksemda kjem eg til å drive heimefrå med eit visingsrom i tredje høgda her i huset, forklarer John.

Ikkje berre standardmodellar

Mykje av tida går med til å teikne og hjelpa kundar med utforming av gåver og pokalar.

- Eg teiknar gjerne utkast og blir einig med kunden om korleis dei vil ha det, før eg får dei produsert i Kina, fortel Fagerthun medan han viser fram spesialbestillingar frå LSK, Bjørnefjorden Cup og Os skyttarklubb.

Han er medviten på at han er osing og nyttar Oselvaren ofte som eit element når han teikar forslag til lokale lag.

- I samband med opninga av Oseana fekk eg oppdraget å laga ein pin til dei. Løysinga med pin-en festa på eit visitkort som presenterte bygget kort er eg særs nøgd med, avsluttar Fagerthun med eit håp om at «den rette» har lyst til å starta butikk i sentrum.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11