Sport | 09. sep. 2016

Kvalifiserte til Norsk Trav-Derby

Ei god veke for travsporten i Os: No har også Martin Lyssand fått ein hest til topp 12 i Noreg.

Kvalifiserte til Norsk Trav-Derby
Martin Lyssand, oppdrettar og eigar, har hoppa si i trening hos kusk Pål Buer i Stavanger. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 09. sep. 2016 07:26

Mens Jonn Borgen måndag tok seg til kriteriefinalen med sin håpefulle treåring «Kuven Storm» tok Martin Lyssand si fire år gamle hoppe «ML's Superstar» seg til derby etter siger i sitt heat onsdag kveld.

– Det er jo dette som har vore målet desse 40 åra vi har halde på, seier Martin, som for første gong har ein hest kvalifisert til Norsk Trav-Derby.

Dei tre beste i fire heat utgjer dei 12 derby-deltakarane, dei raskaste fireåringane i Noreg.

Superstar vann sitt heat med god margin. Les om løpet på rikstoto.no.

Har køyrd inn 108.000 kroner til no i år

Mens Borgen har hatt tru på «Kuven Storm» ei stund kom suksessen til «ML's Superstar» meir overraskande.

– Eg kjøpte mora i USA for 7-8 år sidan. Superstar var sånn midt på treet og køyrde berre inn rundt 24.000 kroner i fjor.

I år har ho køyrd inn 108.000 kroner og i Norsk Trav-Derby er førstepremien ein halvmillion kroner. 2., 3. og 4. plass får 250', 150' og 100.000 kroner.

Takkar Jermund og Pål

Martin Lyssand køyrer ikkje hoppa si sjølv.

– Ho er i trening hos Pål Buer i Stavanger. Det er også han som er kusk, og han har gjort ein god jobb.

– I starten sto ho her hos meg, då var det Jermund Borgen som sto for treninga og danne det gode grunnlage, seier Lyssand.

Ei heftig Os-helg på Bjerke

Helga 17. og 18. september blir som 17. mai for travsporten. Då er det kriteriefinale for treåringane og derby for fireåringane.

For to år sidan hadde osingen Trygve Håvardstun éin hest i kvar av dei to årstrinna, i år er det to hestar frå to ulike eigarar frå Os.

– Det er fleire frå Os som har hatt gode resultat i det siste og kjekt at vi er så godt representert denne helga, seier Martin.

Kuven Storm skal i elden laurdag, Superstar om søndagen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.