Lokal | 22. mai 2018

Kvar skal brua landa og gangvegen gå?

E39 Stord-Os: Kommunestyret har gjort vedtak om uttale til vegvesenet si siste høyring.

Kvar skal brua landa og gangvegen gå?
Alternativa til fjordkryssing og gangveg i samband med E39 Stord - Os. (Skisse: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 22. mai 2018 17:10

Kommunedelplanen (KDP) med konsekvensutgreiing (KU) for E39 Stord–Os låg ute til offentleg ettersyn i tidsrommet 22. november 2016 til 20. januar 2017.

I etterkant har Statens vegvesen utgreidd to nye alternativ for bru over Bjørnafjorden, og la difor ut ein avgrensa del av planen, strekninga Gjøvåg-Svegatjørn, på tilleggshøyring 9. mars i år.

Høyringsfristen var 30. april. Plan- og bygningsutvalet, etter å ha fått informasjon i møtet frå SVV, justerte 19. april siste del av administrasjonen sin uttale, der dette var det essensielle delen:

• Les òg: Ingen massetransport på Lepsøyvegen

«Os kommune er einig med Staten vegvesen om at ein austre trasé for gang- og sykkelvegløysing over Røtinga har mindre konfliktgrad enn ein vestre trasé. Men det trengs ei meir detaljert vurdering og optimalisering av g/s løysinga for å redusere konfliktgraden ytterligare i det vidare planarbeidet.»

Den nye formuleringa (les heile uttalen under):

«Os kommune er ikkje einig med Statens vegvesen om at ein austre trasé for gang - og sykkelvegløysing over Røtinga har mindre konfliktgrad enn ein vestre trasé. Os kommune meiner det trengs ei detaljert vurdering og optimalisering av g/s løysinga før ein tek endeleg stilling til kva trasé ein vel som endeleg».

Endringsframlegget, fremja på vegne av Frp/Høyre, fekk i plan- og bygg 5 røyster (3 Frp og 2 Høyre) mot 4 røyster (2AP, KrF og TvS) og vart vedteke.

Dei kom med uttalen under (men erstatta denne med utvida uttale til kommunstyret):

Sak 60/2018, vedtak: Os kommune har følgjande høyringsuttale til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord–Os:

Os kommune viser til sin tidlegare høyringsuttale i saka, og ser positivt på at Statens vegvesen finn løysingar som reduserer kostnadane og aukar samfunnsøkonomisk nytte for fastsambandet E39 Stord - Os. Dette er viktig for å få tilslutning til snarleg realisering av prosjektet. Os kommune støttar Statens vegvesen i deira tilråding om at dei nye brualternativa til Gulholmane, K7-1 og K8-1, er betre enn K7 og K8.
Endeleg avgjerd om brutype over Bjørnafjorden må takast på eit seinare tidspunkt.
Når det gjeld ilandføring ved Gulholmane og overgang frå bru til tunnel ber Os kommune om at inngrepa i denne flotte skjergarden blir så små som mogleg, og at det blir bakt inn naudsynte avbøtande tiltak både for å redusere lyd og dempe det visuelle inntrykket. Os kommune vil sterkt tilrå at sundet mellom Gulholmane og Røtinga fortsatt vert åpent slik at mindre båtar kan passere.
Os kommune er ikkje einig med Staten vegvesen om at ein austre trasé for gang- og sykkelvegløysing over Røtinga har mindre konfliktgrad enn ein vestre trasé. Os kommune meiner det trengs ei detaljert vurdering og optimalisering av g/s løysinga før ein tek endeleg stilling til kva trasé ein vel som endeleg.

Signe Eikenes frå Statens vegvesen orienterte om status i prosjekt, og tilleggshøyringa, før debatten starta.

Knut Børgesen (MDG), som stiller som vara for Bjørn T. Bøe, fekk ordet først. Der fremja han, på vegne av heile opposisjonen eit kort og konkret alternativ framlegg. Dette går ut på å vedta ein uttale der Os kommune går imot realsiering av midtre trasé på bakgrunn av at prosjektet fører for stor ulempe med seg. Å flytta brua hundre meter frå Kobbavågen til Gulholmane endrar ikkje dette.

Emil Brimsholm (H) kom med nytt, utvida forslag samanlikna med det som blei vedtatt i plan- og bygningsutvalet, på vegne av posisjonen (Frp og Høyre).

Ved votering blei posisjonen sitt framlegg vedtatt med 18 mot 17 stemmer.

Nedst i artikkelen er dei to forslaga. Her følgjer noko av det som blei sagt i debatten.

Glenn Erik Haugland (Venstre): SVV skal vera nøytral, dei viser at dei har hatt problem, dei angrep på ein kronikk eg hadde i Bergens Tidende. Eit forsøk på å hindra meg i å gjera jobben eg er valt til å gjera på vegne av Venstre sine veljarar i Os. Planarbeidet har vore demokratisk, det var ikkje dette eg var kritiske til, slik dei trudde. Det var den politiske prosessen her i Os kommune eg opplevde som ukorrekt. I desse seks åra har vi høyrd på ordførar og fylkesordførar at denne ikkje skulle bli eit stort inngrep. Den skulle dukka ned i sjøen eller gå rett inn i Bjørnatrynet - den skulle uansett ikkje til Øyane. No ser vi kva som ligg på bordet i dag. Om ikkje det er rett å seia at dette har vore ein udemokratisk prosess så veit ikkje eg. Å stå i stormen lokalt er ingen problem, men å stå i stormen når ein fagetat på riksdekkande nivå blandar seg i politikk.

Så til saka: Nokre faktorar som kan sjå ut til å vera bagatellar. Bildekk er ei stor forureiningskjelde. På land kan noko av dette ryddast vekk. På ei lang bru, kva med mikroplast og anna som hamnar rett i fjorden? Når det kjem til det økonomiske, til samfunssnytta, folketalet i Hordaland vil ikkje få veksta det først er kalkulert med. Eg trur også personbiltrafikken vil gå ned. Begge desse faktorane vil redusera behovet for denne brua.
Vi veit at haldningane til bru over Bjørnafjorden er annleis i nabokommunen vår, Fusa. Med den komande kommunesamanslåing bør det vera verdt å tenkja på kva våre komande kommunemedborgarar meiner.

Harald Døsen (Ap): I plan- og bygningsutvalet spurde vi vegvesenet om kor lang anleggstid vi kunne rekna med i Øyane. Svaret var 2 til 5 år. Det er vanskeleg å sjå for seg på eit så stort prosjekt. Det andre spørsmålet mitt var; kva med trafikktryggleiken i anleggsperioden, det vil heilt klart bli auka trafikk sjølv om sjølve anleggstrafikken skal halda seg ute ved der brua skal landa.

Gustav Bahus (Frp): Takka for ein god presentasjon og for utsett høyringsfrist så vi også fekk ta opp saka her i kommunestyret. Frå og Høyre har vore positive til prosjektet frå første dag. Midtre trasé er bestemt, og då må vi i Os gjera det beste ut av det. Når det no, i siste sving, kjem opp ein diskusjon om Os nord, synest eg det er bra. Då får vi sjå i detalj korleis trafikkmønsteret vil endra seg. Å prøva seg på ein omkamp no, er for seint. Det er minimalt med inngrep slik planane ser ut no. Det vil koma tunellstuff ved Gulholmane og i Os nord. Det er nesten det einaste. No gir vi Søre Neset tilbake til sørenesingane, Halhjemsvegen blir ein lokal veg, det må jo vera ein gledens dag når ferjetrafikken forsvinn. Eg hadde håpa at brua kunne dykka ned på Røtingaflua, men det blei noko djupt og noko dyrt.

Haugland (V): Søre Neset blir ikkje det same, med den bustadbygginga som har vore sidan 1972. Å seia at det ikkje bygging av bru er eit stort inngrep meiner eg òg er tull.

Døsen (Ap): Meiner Bahus at det som skjer ved Svegatjørn og det som kjem til å skje i Røtinga er minimale inngrep?

Brimsholm: Det har vore ein del endringar i denne prosessen og det har dukka opp ny kunnskap og ny informasjon. Vi ønskte at brua skulle koma til Bjørnafjorden, men vi politikarar må vera i stand til å forholda oss til ny informasjon. Prosessen har vore lang, det treng ikkje vera sånn at alt som blei sagt for seks år sidan framleis står, etter at ny informasjon har kome på bordet.

Børgesen: Har Eikenes nokre tal for kor mykje trafikken på Halhjemsvegen vil bli redusert?

Ordførar Marie Lunde Bruarøy (H) teikna seg sjølv på talarlista og sendte Laila Reiertsen (Frp) i ordførarstolen.

– Dette er ei vanskeleg og ubehageleg sak å diskutera. Det har vore massiv motstand mot brua, og eg vil takka brumotstandarane for det trykket dei har hatt på både vegvesenet og oss politikarar. No er vi involvert i prosessen, og det å få ei indre lei, ei opning for båttrafikk innanfor Gulholmane. Vi har òg, i motsetnad til administrasjonen, merkt oss at den austre delen av øya er uberørt, og kanskje bør få forbli sånn. Vestre trasé er gjerne meir naturleg for gang- og sykkelveg.

Partikollega Eirik André Hesthammer tok vegvesenet i forsvar.

– Eg synest Statens vegvesen, både frå talarstolen og i lesarinnlegg, får ufortent mykje kritikk. Dei har informert godt, dei har stilt opp når vi har bedt om det, og dei har inkludert oss i prosessen. Eg synest dei har jobba etter Os sine kjerneverdiar, dei lyttar med respekt. Eg ønskjer å gjera det beste for, ikkje berre Os, men for Hordaland og Noreg. Eg synest det er på tide at også opposisjonen blir ein god diskusjonspartnar for vegvesenet.

Det genererte replikkar frå tre.

Døsen: Veit Hesthamar om vegvesenet føler at opposisjonen angriper dei?
Haugland: Eg veit ikkje kvar eg skal byrja, veit han kva eg sa. Meiner du at det er greit at vegvesenet blandar seg i politiske prosessar?
Trygve Lillestøl: Er inngrepa så små? Kva med dei som skal bu på taket av dette prosjektet i 5-6-7 kanskje 8 år?

Hesthamar svarte at han ikkje veit om vegvesenet føler seg angripen.

Eikenes fekk ordet til slutt, for å svara på nokre av spørsmåla:
• Det blei spurd om 2 til 5 år, det var kor lenge dei vil ha anleggsaktivitet på Gulholmane. ANleggstida kjem an på korleis vi riggar byggearbeidet av brua og ulike element, kva som blir bygd på staden og kva som blir frakta til Gulholmane. Det kjem òg an på kor kort avstand vi må frakta steinen frå tunelldrivinga.
• Mikroplast har vi ikkje jobba mykje med, det er eit tema som har kome meir i fokus det siste året. Eg håper det kan koma på plass eit system for god oppsamling av eventuelt avfall frå brua.
• Når det kjem til trafikk på Halhjemsvegen så lurer eg på om ikkje rundt halvparten er lokaltrafikk. Det som er sikkert er at mykje av trafikken som forsvinn med ferjene er tungtrafikk.
• Vi er ein fagetat, men har lov å ytra oss når vi opplever at dei faglege rapportane våre blir stilt spørsmål til.
• Anleggstrafikk? Den kan bli liten og den kan bli stor. Det kjem an på korleis det blir lagt til rette for bruk og transport av massane.

Posisjonen sitt framlegg til vedtak

Framlegg til vedtak sak 31/2018 FrP/H, som blei vedtatt med 18 mot 17:

Os kommune har følgjande høyringsuttale til Statleg kommunedelplan for ny E39 Stord – Os:

• Os kommune viser til sin tidlegare høyringsuttale i saka, og ser positivt på at Statens vegvesen finn løysingar som reduserer kostnadane og aukar samfunnsøkonomisk nytte for fastsambandet E39 Stord-Os. Dette er viktig for å få tilslutning til snarleg realisering av prosjektet.

• Os kommune støttar Statens vegvesen i deira tilråding om at dei nye brualternativa til Gulholmane, K7-1 og K8-1, er betre enn K7 og K8. Endeleg avgjerd om brutype over Bjørnafjorden må takast på eit seinare tidspunkt.

• Når det gjeld ilandføring ved Gulholmane og overgang frå bru til tunnel ber Os kommune om at inngrepa i denne flotte skjærgarden blir så små som mogleg og at det blir bakt inn naudsynte avbøtande tiltak både for å redusere lyd og dempe det visuelle inntrykket. Os kommune vil sterkt tilrå at sundet mellom Gulholmane og Røtinga fortsatt vert åpent slik at mindre båtar kan passere.

• Os kommune er ikkje einig med Staten vegvesen om at ein austre trasé for gang- og sykkelveg-løysing over Røtinga har mindre konfliktgrad enn ein vestre trasé. Os kommune vil tilrå at austleg del av Røtinga forblir som i dag med dei turstiane som eksisterer i elles urørt natur. Ved å nytta vestleg gang og sykkel-trasè, får ein opprusta den mest brukte stien som er i området til ein universell utforma og funksjonell turveg som òg vil gjera områda i og rundt Kobbavågen meir tilgjengeleg for ålmenta. Det er viktig at ein i anleggsfasen hensyntar turgåarar, og ligg til rette for at ein kan ferdast i området også i anleggsfasen.

• Os kommune ser det som ein føresetnad at Fv. 158 – Lepsøyvegen opprustast med samanhengande gang og sykkelsti.

• Os kommune er uroa over konsekvensane ei ny bru over Ulvenvatnet og veganlegget mot Svegatjørn vil gje. Os kommune har fleire barnehagar, sentralidrettsanlegg og viktige næringsareal og bustadkonsentrasjon i området. Det er difor svært viktig for oss å sikra gode oppvekstmiljø her også i framtida, og hindra store inngrep i denne viktige delen av kommunen. Os kommune ber om å verta særskild involvert i vurderingane og utabeiding av trasèvalet i den nordlege deln av planområdet Moberg – Svegatjørn.

Opposisjonen sitt framlegg til vedtak

som fekk 17 av 18 stemmer:
Alternativt forslag til uttale til planforslag med utgreiing av to nye brualternativ over Bjørnafjorden E39 Stord - Os.

Vi viser til tidlegare uttale frå opposisjonen i Os Kommune der vi meiner at Hordfast med bru over Bjørnafjorden ikkje bør realiseras.
Det er det største naturinngrepet i Hordaland i moderne tid og Vegvesenet peikar på at det uansett løysing vil ha store negative konsekvenser for alle fagtema uansett kva brutype eller ilandføring som blir valt.

Endring av ilandføring ved Gulholmane i staden for Kobbavågen vil ikkje gjera prosjektet betre.

Løysingane knytta til ny veg over Ulvenvatnet og problema dei vil føre til for bebuarar, barnehagar og skular i området er ikkje forenelige med å skapa eit god oppvekst og bumiljø i området.

Os kommune ber difor Vegvesenet om å rå til at prosjektet vert stansa grunna for store negative konsekvensar for området som er råka av kommunedelplanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.