Lokal | 30. okt. 2014

Kven skal styra?

– Skal vi la utbyggarane driva stadsutviklinga eller skal vi som politikarar bestemma, undra Ingrid Netland (Sp).

Kven skal styra?
Ingrid Netland (Sp) stilte spørsmål om det er politikarane eller private utbyggarar som skal styra sentrumsutviklinga (foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 30. okt. 2014 08:49

Tysdag handsama kommunestyret reguleringsplanen for Midtpunkt-kvartalet i Os sentrum.

Harald Døsen (Ap) var raskt frampå og ba om at saka blei sendt tilbake til tiltakshavar og plan- og bygningsutvalet.

– Det er positivt med rehabilitering av Osøyro, men her har det gått for fort fram.

– Det er fire problem, støy, parkering, utomhusareal og trafikksikring, argumenterte Døsen som meinte planane ikkje godt nok viste korleis desse problemstillingane skulle løysast.

Kven styrer?

Døsen fekk støtte frå Ingrid Netland (Sp).

– Sp ser viktigheiten av å fortetta av to grunner. Det eine er utvikling i sentrum og liv på øyro. Det andre er jordvern.

– Ved å fortetta der ein har bygd ut vernar ein landbruksområdet i nærleiken av sentrum.

– Men kven er det som skal styra stadsutviklinga?

– I boka "Utfordring for norsk planlegging... kunnskap, bærekraft, demokrati" av Nils Årsæter med fleire står det at det er 80% private aktørar i reguleringsarbeid.

– Dette medfører at planleggaren si rolle avviker frå ideen om at ein aktør skal forvalte planlegging som eit reiskap for fellesgoder, miljø og samfunn til at økonomi blir i fokus og det gjeld å få flest moglege bueiningar.

– Det er vår oppgåve som politikarar å ivareta det vi meiner er det beste for samfunnet. Vi sluntrar unna oppgåvene våre om vi berre er glade for at det skjer noko, argumenterte Netland, som òg stilte spørsmålsteikn ved om ikkje politikarane skulle få meine noko om estetikk og arkitektoniske uttrykk. Netland ønskja òg å sjå Midtpunkt opp mot parkeringshusplanane.

– Kvifor skal vi bygga parkeringshus på den finaste tomta i sentrum, undra Netland, som òg stilte spørsmålsteikn ved høgda på bygget.

– Passar planane våre

Døsen og Netland møtte motbør frå Jostein Bondevik (Krf) som meinte utbyggarane heldt seg til dei retningslinene kommunen har lagt for sentrum.

– Vi ønskjer liv i sentrum. Her har vi ein plan som både stimulerer til næringsliv og til busetting i sentrum.

– Og vi har faktisk ein tiltakshavar som ønskjer å gjera noko med bygget sitt.

– No skal ikkje det at dei ønskjer å gjera noko vera styrande, men dette har ein bygningskropp og innhald som passar dei overordna planane for sentrum.

– Tar vi vekk nokre metre så mistar vi bebuarar. Dessuten så tåler Os sentrum høgre bebyggelse syner moglegheitsstudien frå Asplan Viak.

– Når det gjeld støy, som Døsen er uroa for, så har dei ikkje søkt om dispensasjoner knytt til dette. Då reknar eg med at dei har tatt høgde for det, argumenterte Bondevik, som heller ikkje var samd i at reguleringsplanen ikkje hadde med seg dei andre tinga Døsen var opptatt av.

Reguleringsplanen blei vedteken mot fem røyster. Fire Ap og ein Sp.

Neste steg i prosessen er at utbyggarane no må levera byggjesøknad basert på reguleringsplanen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.