Lokal | 21. feb. 2014

Kvifor ikkje lytta til dei som sit lokalt?

Lesarinnlegg: Fagforbundet sentralt går baklengs inn i framtida.

Kvifor ikkje lytta til dei som sit lokalt?
Luranetunet. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 21. feb. 2014 12:30

Fagforbundet sentralt går baklengs inn i framtida

Dei tilsette på Ladegården sjukeheim i Bergen ønskjer å få prøvd ut ein turnus der dei får arbeide 13 timers vakter i helgene, noko som hadde resultert i lengre periodar med fri.

Både sjukepleiarforbundet samt Fagforbundet lokalt har sagt ja til dette. Men så kjem Fagforbundet sentralt å set ”maktfoten” ned og seier nei.

Kor høg verdi har den tilsette, Fagforbundet lokalt, og grunngjevinga for det beste for bebuarane? Hos Fagforbundet sentralt har dette tydeleg svært lita verdi. I denne saka legg dei helse for dei tilsette til grunn for å sette foten ned. Men kvifor meiner Fagforbundet lokalt at dette er rett å prøve ut?

Er det ikkje desse som kjenner sine eigne medlemmer best?

Nei, her kjører ein på! Har ein gløymt at tilsette skal i følgje arbeidsmiljølova, ha påverknad og ikkje minst føla at ein har noko ein kan bidra med i eige arbeidsliv generelt? Og at dette bidraget kan gje ein betre arbeidssituasjon for den enkelte og familien deira. I dette tilfellet hadde dei tilsette fått arbeid kvar fjerde helg i staden for kvar tredje, noko som hadde resultert i meir fritid i helgene saman med sine næraste.

Når ein veit at turnusar av denne typen får ned deltidsbruken, skaper ein meir fleksibel kvardag for dei tilsette med at dei får meir fri saman med familien, og at det kan føra til lettare rekruttering innan pleie og omsorgsyrka, høgare trivsel, lågare sjukefråvær og høgare stillingsbrøkar, som igjen gjev ein betre økonomisk situasjon for den enkelte.

Har verkeleg Fagforbundet sentralt råd til å seia nei?

Dei set fleksibilitet, meir fri for dei tilsette, mindre deltid og lettare rekruttering og omsynet til bebuarar til sides. Bebuarar som har rett og krav på god pleie og omsorg. Ei gruppe pasientar, her dei demente, får eit meir harmonisk og lettare liv ved stabile rammer rundt seg. Der det mest mogleg er dei same tilsette ein har rundt seg over tid som igjen gjev tryggleik og minskar uroa hos denne pasientgruppa.

Då er det enda mindre forståeleg at Fagforbundet sentralt seier nei til å prøva ut denne turnusen. Nett dette hadde vore gull verdt for demensomsorga, då dei same personane hadde hatt meir ansvar over tid, noko dei tilsette ser, og ønskjer å bidra med for å setja ut i handling.

Men Fagforbundet sentralt vil ikkje ha noko av dette heller.

Dei ønskjer tydeleg fleire utrygge og urolige pasientar som igjen fører til meir stress for dei tilsette. Som igjen fører til høgare sjukefråvær, mistrivnad, meir bruk av ekstravakter og deltid. Det blir vanskelegare å rekruttera. Og når hovudargumentet deira kviler på helsesituasjonen til dei tilsette så dett den fort om ein klarer å sjå dominoeffekten av den totale situasjonen i denne oppramsinga.

Dessutan er dette ein turnus som skal prøvast ut. Men tydeleg så er også prøvetida ei utfordring for Fagforbundet sentralt. Det kan jo henda at turnusen vert positiv for alle partar nemleg!

Laila Marie Reiertsen
Os Frp

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.