Lokal | 20. mars 2017

Kvinne mista lappen i Hegglandsdalen

Var langt over fartsgrensa: UP tok 13 fartssyndarar på Hegglandsdalsvegen søndag kveld.

Kvinne mista lappen i Hegglandsdalen
UP hadde kontroll i Hegglandsdalen søndag kveld. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 20. mars 2017 08:12

Søndag klokka 18 stilte utrykningspolitiet seg opp med laseren på Hegglandsdalsvegen, det det er fartsgrense 50 km/t.

Ein bil blei målt til 88 km/t, noko som med god margin kvalifiserte til førarkortbeslag.

Førar var ei kvinne i 40-åra.

Fekk forelegg på 6500 kroner

– Det blei òg skrive ut 12 forenkla forelegg, og delt ut nokre prikkar på førarkortet, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.

Høgaste fart, utanom kvinna som mista lappen, var 72 km/t, altså 4 km/t frå førarkortbeslag.

Vedkomande får òg tre prikkar på førarkortet og eit forelegg på 6.500 kroner.

Tatt i snittmåling

Også laurdag ettermiddag blei det tatt fartssyndar i Hegglandsdalen.

Ein patrulje frå Os lensmannskontor, på veg til eit anna oppdrag, tok snittmåling på ein bil som køyrde i 70 km/t i 50-sona.

Også her blei det tre prikkar, men «berre» 4.200 kroner i forelegg.

8 prikkar = tap av førarretten

Er fartsgrensa 60 km/t eller lågare, får du to prikkar om du køyrer 11-15 km/t over grensa. Er farten 16-20 km/t over grensa får du tre prikkar.

Om du i løpet av tre år for 8 prikkar eller meir, mister du førarkortet.

Førar med prøveperiode for førarrett i klasse B skal registrerast med dobbel mengde prikkar i prøveperioden.

Du kan òg få tre prikkar for blant anna:
• Brot på vikeplikta
• Ulovleg forbikøyring
• Manglande sikring av passasjer under 15 år
Kjelde: vegvesen.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.