Lokal | 20. nov. 2012

Kvinne påkjørt

Ei kvinne blei i 19-tida skadd i påkjørsle i Byvegen ved Kuven stasjon.

Kvinne påkjørt
Ulykka skjedde i fotgjengarfeltet mellom Elvebakken og Kuven stasjon. (Foto: Varde Film og Media)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 20. nov. 2012 18:37

Tysdag litt før klokka 19 blei ei kvinne i 60-åra påkjørt mellom Elvebakken og Kuven stasjon på Byvegen.

Ifølgje eit vitne blei kvinna påkjørt i fotgjengarfeltet ved den nye Rema 1000-butikken.

– Ho var bevisst, men blødde frå hovudet, seier eit vitne som var blant dei første som kom til staden.

Brannvesen, ambulanse og politi rykte ut. Kvinna blei henta med luftambulanse.

Haukeland universitetssykehus opplyser onsdag formiddag at tilstanden til kvinna er alvorleg.

Bilen som kjørte på kvinna skal ha kome i retning Bergen.

Bilføraren er ei kvinne i 40-åra. Politiet har tatt beslag i førarkortet hennar.

Trafikken sto i begge retningar i cirka ein halvtime etter ulykka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.