Lokal | 14. aug. 2017

Kvinne spytta på drosjesjåfør

Politiet søndag: Hærverk på bil i Askvik, uhell i rundkøyringa i Os sentrum og kvinne som nekta å betala, og å oppføra seg.

Kvinne spytta på drosjesjåfør
I går kveld blei ein bil på Askvikneset utsett for hærverk. (Ill. foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 14. aug. 2017 09:09

Trass festival og mange folk i festleg lag i Os sentrum hadde politiet lite å fortelja om frå laurdag til søndag.

– Natt til søndag blei ei dame køyrd vekk frå sentrum, frå festivalområdet var det ikkje noko trøbbel, der skal arrangørane ha ros, seier politiførstebetjent Rune Fimreite.

I løpet av laurdagen blei ein svart katt med kvit snute påkøyrd på Søfteland. På formiddagen laurdag hadde politiet promillekontroll i Irgenskrysset. Alle dei 36 kontrollerte bilførarane var edru, men fire av dei fekk pålegg om teknisk utbetring, blant anna av lys.

– Sjekk at lysa er i orden når vi no går inn i ei mørkare tid.

Nekta å betala - spytta på drosjesjåfør

I 6-tida søndag morgon blei politiet oppringt av ein drosjesjåfør.

Ein kvinneleg passasjer i 30-åra hadde nekta å betala. Ho hadde òg spytta på sjåføren.

– Det er mogleg at drosjesjåføren vil melda kvinna, fortel politiet.

Hærverk i Askvik

Ein mann som var ute og padla søndag kveld kom tilbake til ein øydelagt bil.

Ei rute var knust og tenningslåsen var skadd på bilen, som var parkert på Askvikneset.

– Han var berre ute i halvannan time, så dei har verkeleg stått på, seier faren til bileigar, som bur i området.

Ein fileteringskniv skal vera stolen frå bilen, som blei taua frå staden søndag kveld.

Bil i mur i Os sentrum

I 19-tida søndag fekk politiet tips om eit trafikkuhell ved rundkøyringa i sentrum.

– Ein bil skal ha sladda i rundkøyringa og stoppa i ein murkant. Då patruljen kom fram sto bilen der, men det var ingen folk ved bilen. Vi vil i kontakt med førar, men det er førebels uvisst om det blir oppretta sak.

Sjekka papira til rumenske tiggarar

Søndag formiddag fekk politiet melding om fleire tilfelle av tigging. Utanlandske personar bad om pengar ved å visa fram ein lapp.

Patruljen møtte nokre rumenarar, ikkje ved ein bustad, men i ein bil i Os sentrum. Pass og andre papir blei sjekka og dei fekk beskjed om at tigging er forbode i Os.

Fleire lause dyr

Laurdag formiddag, klokka 10.30, skreiv politiet på Twitter at det hadde kome melding om 60-70 lause kyr i Hegglandsdalsvegen.

Seinare på dagen, både klokka 16 og 18, fekk politiet melding om lause hestar på Hatvikvegen og lause kyr i vegen på Søfteland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.