
Lader opp med dobbelkamp
I dag er det 10 dagar til Norway Cup startar. I fjor stilte 10 lag frå Os kommune, i år skal 6 lag delta i den store fotballturneringa i Oslo.
Lysekloster stiller med begge dei ferske juniorlaga til klubben, J19 og G19. Os Turn stiller med eitt juniorlag og heile tre gutelag.
– Os Turn har som policy at spelarane deltar på eige alderstrinn i cupar, så A-lagsspelarane som er junior blir med, og gutespelarane som er i A-stallen, på andrelaget eller med juniorane speler på gutenivå, seier juniortrenar Einar Nytræ.
Det betyr at spelarar som Erik Kanestrøm, Johannes Jordal og Simen Lassen deltar i Norway Cup. Det gjer også Frode Øvredal, Fredrik Heggland og Egil Thuen, men dei speler på gutelaga.
Nokre skadar
Mats Lepsøe, som har vore skadd ei stund, er også med, men inngår i trenarteamet om han ikkje føler seg speleklar.
– For juniorlaget blir det spennande med formen til keeparane, begge har gjort store framsteg med Kjell Hansen som keepertrenar, men dei har vore ute av drift ei stund grunna sjukdom og skade, så eg håper dei finn formen raskt igjen.
Nytræ har tatt med alle juniorane som ville vera med, men med ein tropp på heile 21 mann har han sagt klart ifrå at nokre dessverre må rekna med lite speletid.
Miniturnering på Kuventræ
Dei fleste fotballspelarane i Os har hatt nokre veker med ferie no. Søndag startar juniorlaget opp igjen, og det med samling med Hald og Voss.
– Vi tar ein dag med kamptrening og sosialt samvær, det blir nok grilling og denne dagen, trur trenaren.
Frå klokka 12 skal dei tre laga spela mot kvarandre, først ut er Hald mot Voss, så skal Os møta dei to gjestane.
I serien ligg Os junior elite på 4. plass, Løv-Ham topar framfor Brann og Stord. Hald og Voss ligg på 2. plass i kvar si 2. divisjonsaveling.
Returoppgjer med brasiliansk storlag
I fjor tok Os seg til 1/8-finalen i A-sluttspelet utan å sleppa inn eit einaste mål. Kampen om plass i kvartfinalen blei avgjort på straffekonk, der Os tapte.
I år har dei hamna i pulje med laget dei kjempa seg til 1-0-siger over i 1/16-finalen, brasilianske Karanba, som Os G19 møter i første kamp i puljespelet i årets turnering, som altså startar 31. juli.
Dei to andre laga i Os jr si pulje er Skeid 2 og Åram/VanKam.
Kommentarer
Tips midtsiden.no
Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11
© 2012 midtsiden.no