Slakting av lam

Lærer naturens gang

Video: Ungane var med då ordføraren slakta lam.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Ordførar Marie Lunde Bruarøy med familie og naboane har dei to siste åra hatt sauer gåande på bøen framfor husa i Øyane. 

– Dei er fantastiske slåmaskiner og har teke kulturlandskapet tilbake og held det hevd. Det er fleire av naboane her ute som har lurt om det ikkje kan få låna dei til å rydda opp fleire plasser, fortel Marie Lunde Bruarøy om landskapet som er finare enn nokon gong.

Lærer anatomi og funksjonar

På hausten kjem den heilt naturleg prosessen at lamma må slaktast for å unngå innavl og for at maten skal komma på bordet.

– Vi tykkjer det er litt viktig at ungane får vera med på prosessen. Dei har ikkje vondt av å sjå kor maten kjem frå. Dei er med både på slakting og partering av dyr.

– I tillegg lærer dei seg jo både litt naturfag, biologi og heimkunnskap når vi held på. Vi snakkar om kva funksjon dei forskjellige delane av dyret har. Til dømes korleis levera er lammet sitt eige reinseanlegg, forklarar Bruarøy når Midtsiden får vera med på kjøkkenet for å førebu tradisjonskost som blodpannekaker saman med ho og ungane. 

Heimelaga pinnekjøt

Dei tre familiane er i stor grad sjølvforskynte med fårekjøt. 

– I år har vi fem lam som skal slaktast. Dei må takast no på hausten før vêrlamma blir kjønnsmodne.

– Kjøtet blir både salta, tørka og røykt. Levera blir nydeleg leverpostei og hjartet god spekemat når vi får røyka det. Vi får ikkje meir kortreist mat enn dette, og det har blitt heilt naturleg for ungane å eta den, sjølv om dei har har fått eit forhold til lamma gjennom sommaren.

– Dei har forstått at maten ikkje kjem ferdig plastpakka i butikken, men at det er dyr som blir slakta, avsluttar Bruarøy. 

Også skinna tek dei vare på, men dei blir sendt til profesjonelle som behandlar dei før dei får dei tilbake.