Sport | 11. mai 2017

Lagar nytt løp og open dag

Os Turn Friidrett starta nytt løp «Ulvenvatnet Rundt» og gjentek suksessen med «Friidrettens dag».

Lagar nytt løp og open dag
Bjørn André Michelsen (t.v) og dei andre i Os Turn Friidrett gler seg til ein sporty dag på Kuventræ laurdag 27. mai (arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Andris Hamretorsdag 11. mai 2017 12:05

Bildeserie:

Dei tre løypene er henhaldsvis 600, 1850 og 6650 meter lange (ill: Os Turn Friidrett)
Dei tre løypene er henhaldsvis 600, 1850 og 6650 meter lange (ill: Os Turn Friidrett)
1 av 1
Dei tre løypene er henhaldsvis 600, 1850 og 6650 meter lange (ill: Os Turn Friidrett)

Laurdag 27. mai blir av dei heilt spreke dagane denne våren. Då inviterer nemleg Os Turn Friidrett til Friidrettens dag frå klokka 12-14 på Kuventræ og til nyvinninga Ulvenvatnet Rundt med tre ulike løyper rett etterpå.

– Vi har lyst til å få enno fleire til å prøva friidrett. Fjorårets opne dag, blei ein kjempesuksess med heile 70 barn som deltok, fortel Bjørn André Michelsen, leiar i friidrettsgruppa.

Løp, hopp og kast

Friidrettens dag er gratis for barn i alderen 6 til 12 år. Øvelsane ein kan få testa er sprint med startbokker, hekkeløp, lengde, høgde, kulestøt, spydkast, liten ball og diskos.

– Her skal ungane få forsøka det dei har lyst på. Alle får premie og det er inga konkurranse. Det skal vera heilt uforpliktane, berre glede og gøy. Ein treng ikkje ha drive med friidrett tidlegare for å bli med.

Ei perle å løpa rundt

Rett etter friidrettens dag blir det litt meir konkurransen når friidrettsgruppa inviterer til Ulvenvatnet Rundt klokka 15.

– Sjølv om det blir tidtaking, så skal også dette vera uformelt. Vi lagar både konkurranse- og trimklasser.

– Det blir tre ulike løyper. For dei minste opp til ti år er det ei kort løype på 600 meter som går i området rundt sentralidrettsanlegget.

– Den mellomste løypa, som er 1850 meter lang, går på turstien langs Ulvenvatnet på Kuventræ-sida av vatnet. Den tenkjer vi er for dei mellom 11 og 14 år.

– Den lengste løypa blir på 6 650 meter og går rundt Ulvenvatnet, kor ein løper nesten bort til brannstasjonen og den nye stien rundt vatnet. Her blir det trimklasse, men og konkurranseklassar for 15-16 år, 17-18 år, senior 19-34 år og veteran 35+. Start og mål på alle tre distansane blir på friidrettsanlegget på Kuventræ. Målet er å skape ein open dag for folk flest på Kuventræ, fortel Michelsen.

Nytt tidtakingssystem

Michelsen fortel at dei lenge har snakka om å lage løp av denne typen.

– Med Ulvenvatnet som nærmaste nabo fann vi det heilt naturleg å byrje der. Vi fekk for nokre år sidan eit heilt nytt tidtakersystem, EQ Timing, som vi ikkje eigentleg ikkje har fått brukt noko særleg. Det syntes vi det var på tide å gjera noko med, og å testa ut.

– Vi byrjer roleg, men vi håper sjølvsagt at det skal bli ein tradisjon og kanskje grunnlag for å laga enno fleire løp. Vi har allereie opna påmeldinga til Ulvenvatnet rundt, så det er berre å gå inn på heimesida vår på osturn.no, så finn ein alt ein treng av informasjon der, avsluttar friidrettsleiaren.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.