Lokal | 20. juli 2016

Lager liv i hamna

Båtfolket gler seg stort over Lilleballong sin base ved Os gjestebrygge.

Lager liv i hamna
Ronny Sydnes og Lilleballong er på plass med ein eigen leikestasjon ved Os gjestebrygge. Der blir han ståande gjennom helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 20. juli 2016 13:53

Lilleballong har enkelte dagar fyrt i gang klovnesklia si utanfor butikken i Elvebakken i Byvegen, men han no flytta seg ned i Os hamn.

– Vi har tenkt på det nokre gongar, og då vi nyleg fekk innspel om dette så kontakta eg ordføraren for å høyra kva som skulle til for å få låna plassen, fortel Henning Heimdal.

Søviknes snudde seg fort rundt og sendte grønt lys i retur.

Båtfolk kjøper «dagskort»

I går var Lilleballong på plass på parkeringsplassen mellom Esso og Osbrua med klovnesklie, eit lite partytelt og sal av sukkerspinn og anna snacks.

– Det er jo litt vêravhengig dette, så vi har jo meir besøk i solskinet i dag enn den grå tysdagen.

– Men tilbakemeldingane er veldig fine! Båtfolk på ferie er glad for at ungane får litt action, så vi har laga eige dagspass til gjestane i hamna så ungane kan koma og gå litt utan at det blir altfor dyrt, seier Ronny Sydnes.

Sydnes blir ståande ved gjestebrygga med klovnesklie og tilbehør gjennom helga, sjølv om det er venta litt vekslande vêr.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.