Sport | 05. juni 2010

Lagleiar Ludvigsen

Då Bjarg-trenaren skulle sykla Bergen-Voss steppa Per-Ove Ludvigsen inn for å leia 2000-laget gjennom Bjørnefjorden Cup.

Lagleiar Ludvigsen
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 05. juni 2010 22:11

Bildeserie:

1 av 10

- Eg er eigentleg ikkje trenaren, han er på veg til Voss på sykkel. Sonen min speler på laget, så det er klart eg hjelper til, seier den tidlegare Fyllingen- og Brann-spelaren Per-Ove Ludvigsen.

Han leia Bjarg Titan 2000 i Bjørnefjorden Cup som går av stabelen på Kuventræ i helga.

- Vi møtte Os i den første kampen. Den var tøff. Men det er kjekt å vera på cup på Os!

- Kunne selt 1000
Rundt 130 lag, 1200 spelarar, lagleiarar, foreldre og søsken - det har vore ein livleg dag på Kuventræ denne første av to cupdagar.

- Vi merkar at det er ekstra mykje folk her i år, det har vore veldig bra varesal. Brus, grillmat og vafler går unna og i Peppes-boden er det heilt vilt, fortel Henk Rozeboom frå Os Turn Fotball.

- Vi har selt 500 pizzastykke i dag, men kunne nok selt det dobbelte om vi hadde fått tilgang på meir. Peppes-bilen har hatt med seg 10 pizzaer i slengen og alt blir røska vekk til køen som står og venter.

Sundag er ny cupdag, også den er venta å bli i solskin.

Sjå video frå Bjørnefjorden Cup, laurdag:

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.