Sport | 15. juli 2012

Laks lokka Petter på elva

Petter Spjell Røttingen fekk i dag det som truleg er den største laksen til no denne sesongen. Men han fekk ikkje fisken på land utan å bli våt frå topp til tå.

Laks lokka Petter på elva
Petter Spjell med fangsten på 8,5 kilo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 15. juli 2012 15:56

Nils H. Sylta fekk ein laks på 4,5 kilo i opningsnatta og Tor Åge Thuen fekk to på 5,5 og 6,5 kilo, alle i Kremretten.

Men også i fossen i Kvernhushølen er det fisk å få, Petter Spjell Røttingen sette personleg rekord når det kjem til storleik då han litt før klokka 14 i dag fekk ein laks på 8,5 kilo på land.

– Eg har tatt større fisk, men ikkje i Oselvo, seier Petter.

Den gamle rekorden hans var på 7,5 kilo.

Hamna i elva

Etter å ha hatt fisken på kroken på ein sluk skifta Petter til makk. Så hogg han i og ein kamp på rundt eit kvarter starta.

– Leif Juvik hadde nettopp gått, så eg blei ståande åleine.

Då han fekk laksen opp i fjøra nedanfor fossen, og vassa uti for å få den på land, skjedde ting plutseleg litt fort.

– Laksen sprella og brått såg eg at kroken var ut av kjeften på han.

Petter tok tak og kasta laksen på land, men glei samtidg og blei sjølv sprellande som ei laks ei lita stund.

– Eg gjekk under med hovudet og alt, så det var berre til å ta fisken med seg og koma seg heim, ler Petter, nøgd med å ha 8,5 kilo med det som ser ut som villaks i frysen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.