Langedalen blir stengt ved nr 44 frå tysdag 12. september. (Kartios.no)

Langedalen blir stengt i ein månad

To dagar etter Langedalen Opp startar arbeidet på den kommunale vegen som to gongar på to veker har vore viktig omkøyringsveg.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Den kommunale vegen Langedalen, mellom Søfteland og Åsen, blir stengt frå tysdag 12. september og ein månad fram.

Søndag 10. september er det tid for mosjons- og motbakkeløpet Langedalen Opp, men mjuke trafikantar skal også etter stenginga koma seg forbi anleggsområdet.

– Vegen blir stengt ved husnummer 44. Det blir skilta på staden, opplyser Os kommune.

Opnar for utrykking

Årsaka til stenginga er utbetringar på vegen. Ved dårleg vêr kan arbeidet bli utsett.

Vegen kan bli opna for utrykkingskøyretøy. Desse kan kontakta anleggsleiar på staden, Botnevik, på 95113187.

«Hovudveg» mellom Bergen og Os

Langedalen var smal, men viktig omkøyringsveg både torsdag for ei veke sidan, og tysdag veka før, begge gongane etter trafikkulykker på E39 på Søfteland.

Midtsiden ber trafikantar køyra ekstra varsamt i vekene som kjem.

 

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.