Lokal | 21. aug. 2016

Langt vorspiel til knekt nase

Vitne fortel at slåstinga på nattbussen laurdag ikkje var uprovosert vald. Fornærma sin kamerat skal blant anna ha sparka ei kvinne.

Langt vorspiel til knekt nase
Ei kvinne blei sparka i magen ved Joker på Søfteland, ved Søfteland skule blei ein busspassasjer slått i nasa. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. aug. 2016 11:17

Klokka 04.20 natt til laurdag fekk politiet melding om ein valdsepisode på nattbussen mellom Bergen og Os.

Fornærma fortalte at han, heilt uprovosert, hadde fått eit slag i ansiktet av ein framand mann. Det endte med knekt nase og ein tur til legevakta.

– Krangla frå Bergen til Os

Eit vitne Midtsiden snakka med laurdag ettermiddag seier versjonen som har kome fram i media ikkje stemmer med det vedkomande opplevde på bussturen.

– Det var to partar, ein kameratgjeng, som òg besto av ei kvinne, og to andre menn. Det var ein av desse som fekk nasa si knekt.

– Dei krangla frå Bergen til Os og dei to kameratane var svært aktiv i munnbruken fram til nokon kom og ba ein av dei setja seg lengre fram i bussen.

Sparka kvinne

På Søfteland skal han ha sett seg bak igjen for å halda fram krangelen. Ved Joker på Søfteland, når kvinna skulle av, blei ho sparka i magen av kameraten til han som på eit seinare busstopp fekk nasa si knekt.

– Kvinna gret av smerte. Ein som såg ut til å vera kjærasten hennar ville inn på bussen og ta hemn, men blei stoppa av ein annan passasjer.

På neste busstopp skulle fleire frå venegjengen av bussen. Den eine av desse slo då til ein av dei to kameratane som hadde sparka kvinna i magen.

– Han som blei slått sa «kom igjen då, om du tør». Så kom slaget. Han som slo skulle av, så det blei ikkje meir slåsting.

Kan skapa unødig frykt

Med alt som skjedde i forkant, og når partane kjem frå Os og Søfteland, synest eg det er rart at dei forklarer til politiet at det er blind vald og at dei ikkje kjenner motparten frå før.

– Eg synest òg det er dumt om folk skal bli redde for blind vald på nattbussen. Her var det to gjengar som krangla ein heil busstur og nærmast ba om bråk.

Vitnet prøvde å nå politiet laurdag for å gje si forklaring.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.