Lokal | 10. apr. 2015

– Lås postkassa!

Politiet med klar oppmoding etter ei rekkje nye post-tjuveri: – Lås postkassa di og tøm den ofte.

– Lås postkassa!
Politiet melder om fleire tjuveri frå postkasser den siste tida (ill.foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 10. apr. 2015 07:55

Politiførstebetjent Kenneth Rastad ved Os lensmannskontor kjem i dag ut med ei veldig klar oppmoding til osingane etter at politiet den siste tida har fått ei rekkje nye meldingar på tjuveri frå postkasser, bedrageri kor identitet og konto har blitt misbrukt og meldingar om funn av post.

– Dette har blusset opp att etter dei sakene vi hadde i haust.

– Oppmodinga er difor veldig klar. Lås postkassa di!

– Pass òg på at du tømer den ofte. Skal du vekk i nokre dagar, så sørg for at nokon andre tek inn posten din, ikkje la den ligga i dagar og veker.

– Vi har no under etterforskning ei rekkje saker av denne typen, fortel Rastad.

Større område enn før

Medan tjuveria i haust i hovudsak konsentrerte seg om områda nær Os sentrum, ser politiet no ei større geografisk spreiing.

– Det er framleis konsentrert rundt Os sentrum, men sirkelen har blitt større.

– I tillegg er har vi saker kor det er litt vanskeleg å seie nøyaktig kor posten er stole frå då firmaadressen og postadressen ikkje er den same, seier Rastad.

Kan ta tid før misbruket skjer

Rastad fortel om fleire tilfelle kor det har gått lang tid frå post har forsvunne til kontoen har blitt tappa.

– Vi har eksempel på at folk har blitt trekt opp mot 40 000 kroner frå kontoen uten at dei har vore klar over det.

– Det er heller ikkje berre når kort forsvinn ein må vera obs. Saknar du brev med personleg informasjon, til dømes personnummer, så bør du vera på vakt. Vi har døme på at dette har vore nok til å handle varer og tenester på nettet i ein annan sitt namn.

– Det at det kan gå lang tid frå post forsvinn til ein oppdagar at kontoen har blitt tappa gjer at det kan vera vanskeleg å sjå samanhengen, seier Rastad.

Politiet sine råd:

  • Lås postkassa
  • Tøm den ofte
  • Få andre til å ta inn posten om du er vekke
  • Sjekk kontoutskriften din jamnleg
  • Får du brev om kredittvurdering som du ikkje kjenner til, meld ifrå.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.