Kultur | 18. jan. 2013

Laura Agathe vidare i Idol

VIDEO, sjå 3 x audition: Onsdag såg vi Eirik Søfteland med suksess på TV2, men minst tre jenter frå Os har også deltatt i Idol 2013.

Laura Agathe vidare i Idol
F.v.: Madeleine Berge Midtseter, Laura Agathe Moberg og Hege Solholm. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy og Andrea Solholm)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 18. jan. 2013 22:01

Få melding om siste nytt - følg Midtsiden på Facebook!

Onsdag song osingen Eirik Søfteland seg vidare i Idol.

Les òg: – Det var veldig spennande!

Fredag fekk vi ikkje høyra andre osingar, men vi såg eit glimt av Laura Agathe Moberg då ho sprang frå audition med gullbilletten som viser at ho er vidare.

Les òg: Redd for å bli slakta

– Det gjekk bra, men eg måtte bruka begge låtvala mine, fortel Laura Agathe til Midtsiden fredag kveld.

– Først song eg "Roxy" frå Chicago Musical. Nokre av dommarane meinte det var litt mørkt, men eg fekk heldigvis synga den andre, "De skulle begrave en konge stor", av Jan Eggum.

Ifølgje Laura såg det ut som om bergensarane Kurt Nilsen og Gunnar "Gest" Greve i juryen likte låtvalet.

Her kan du sjå Laura Agathe sin audition (TV2.no)

– Også etter den andre låta var juryen litt splitta. Dansken sa nei, dei tre andre sa heldigvis ja.

Hege og Madeleine gjekk ikkje vidare

To andre jenter frå Os som deltok var Hege Solholm og Madeleine Berge Midtseter.

– Eg hugsar ikkje så mykje av audition eller kva juryen sa, men eg gjekk ikkje vidare, seier Hege.

– Så no blir det UKM i Oseana på meg i staden, fortel ho.

På Idol song ho Justin Bieber-låta "As long as you love me".

Her kan du sjå Hege sin audition (TV2.no)

Madeleine, som både har vore på fylkesmønstring og deltatt i Norske Talenter tidlegare, gjekk vidare frå pre-cast, men ikkje i neste runde.

– Juryen kom med konstruktiv kritikk og eg fekk ein prat med dei etterpå. Dei meinte eg hadde særpreg, men at stemma mi ikkje passa til Idol.

Madeleine sa at ho ikkje var skuffa, ho har likevel koret sitt å gå tilbake til. Som 17-åring overtok ho nemleg som dirigent for Join Us Ten Sing.

– Det var både gøy og lærerikt, og det kan godt henda at eg stiller på Idol eller liknande igjen. Kanskje er eg heldigare neste gong, for eksempel med eit anna låtval, seier ho.

Madeleine song Odd René Larsen sin versjon av Ray Charles-låta "Hallelujah I love you so".

Her kan du sjå Madeleine sin audition (TV2.no)

Utanom osingane var blant anna Jens Erik Aasmundseth, som speler i The Beauty saman med Eirik Søfteland, og som speler på Irish Cat i morgon, men på Idol og gjekk vidare.

Her kan du sjå Jens sin audition.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.