Lokal | 10. nov. 2015

– Legg opp til altfor låg kapasitet

«Ein gymsal for fortida, ikkje for framtida»: Lærarar er kritiske til planane for Landboden.

– Legg opp til altfor låg kapasitet
Lærarane ser at plassen blir for liten: Bak f.v.: Stephan Plätzer, Dagfinn Norvik, Kari Berge, Ørnulf Jacobsen, framme f.v.: Eli Kristiansen, Audun Herrevold, Anne Britt Særsland og Trygve Dale. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. nov. 2015 09:20

Bildeserie:

Sånn skal det, ifølgje den nye reguleringsplanen, sjå ut i Landboden.
Sånn skal det, ifølgje den nye reguleringsplanen, sjå ut i Landboden.
Lærarane ønskjer å snu gymsalen tilbake og bygga full hall.
Lærarane ønskjer å snu gymsalen tilbake og bygga full hall.
Dagens gymsal. (Foto: KVB)
Dagens gymsal. (Foto: KVB)
Scenen blir brukt til datarom. (Foto: KVB)
Scenen blir brukt til datarom. (Foto: KVB)
Dei som skal ha alternativ trening må sitja her. (Foto: KVB)
Dei som skal ha alternativ trening må sitja her. (Foto: KVB)
Utstyrsrommet. (Foto: KVB)
Utstyrsrommet. (Foto: KVB)
Hjørnefotball? Det går ikkje, skulen manglar ein benk. (Foto: KVB)
Hjørnefotball? Det går ikkje, skulen manglar ein benk. (Foto: KVB)
1 av 7
Sånn skal det, ifølgje den nye reguleringsplanen, sjå ut i Landboden.
Lærarane ønskjer å snu gymsalen tilbake og bygga full hall.
Dagens gymsal. (Foto: KVB)
Scenen blir brukt til datarom. (Foto: KVB)
Dei som skal ha alternativ trening må sitja her. (Foto: KVB)
Utstyrsrommet. (Foto: KVB)
Hjørnefotball? Det går ikkje, skulen manglar ein benk. (Foto: KVB)

– At dagens gymnastikksal er skrøpeleg, med dårleg utstyr og to av fire garderobar stengt, ein scene som blir brukt til datarom, eit ventliasjonsanlegg som ikkje fungerer om vinteren og varmvatn som kjem i rykk og napp - er éin ting. Det hastar med ny gymsal, det har det gjort lenge og det veit alle, seier Anne Britt Særsland.

Saman med lærarkollegaer i gymnastikk og valfag, og tilltsvalt ved skulen, reagerer ho på reguleringsplanen for Landboden, som inkluderer ny gymnastikksal på Os ungdomsskule.

– Ein annan ting er det at at det blir lagt opp til ein gymsal som er for liten allereie før den er bygd, og det på ein skule der det kan koma utviding når ny skule aust om elva ikkje ein gong er under planlegging, seier lærarane.

Sjølv om reguleringsplanen inneheld ein ny, dobbel gymsal, er det ikkje nok.

– Det er rett og slett planlagt ein kapasitet som ikkje tilfredsstiller dei krava faget set i lærarplanen. Vi har inntil 30 elevar i kvar klasse. I praksis betyr det at vi i tillegg til dei elevane må ha plass til å gje alternative tilbod til skadde og småsjuke elevar. Det må vera plass til både eit styrketreningsrom og til trimsyklar utanom salane.

Stort behov på to skular

– Vi har ansvar for å halda alle elevane i aktivitet, éin lærar åleine. Om vi skal spela basketball eller volleyball er det berre plass til 10-12 på banen, då må dei 20 andre gjera andre aktivitetar.

– Skulen er femparallell, ofte har tre av dei 15 klassane kroppsøving på same tid. I tillegg har vi per i dag tre valfag på kvart trinn som krev salplass.

Sjølv med lån av Os barneskule sin dobbeltsal klarer ungdomsskulen berre å tilby 45 timar gym, mot 52 som er kravet.

Rektor på Os barneskule, Beate Moberg, seier at barneskulen klarer å låna vekk salen samtidig som dei tilbyr barneskuleelevane nok kroppsøving.

– Men kapasiteten er spreng frå morgon til klokka 22 om kvelden. Om vi vil samla elevane til noko, eller om det skal øvast til adventstund eller liknande, så går det ut over kroppsøvinga til ein av skulane. Eller begge.

Ønskjer fullskala hall

Dagens gymsal er på 10 x 20 meter.

I den nye regulerinsgplanen er det teikna inn to salar og ein kultursal. Kultursalen skal tetta holet som kom då Fjellheim blei stengt, eit hol Oseana ikkje heilt fylte.

Dei to andre salane, som skal brukast til gym, er på 16,5 x 26 meter kvar.

– Det ville vera bra om kultursalen blir integrert som eit kombinasjonsareal. Eit areal som kan brukast til kroppsøving på dagtid, og til kulturaktivitetar på kveldstid, seier lærarkollegaene på ungdomsskulen.

– Slik skissa og planen er no, vil kapasiteten til dei to gymsalane vera sprengt før dei er bygd. Dette er ikkje å bygga for framtida, det er ikkje ein gong å bygga for notida.

Lærarane foreslår å ofra dei 12 bustadane som er planlagt der dagens basseng er, for å snu halllen og bygga full handballhall. Det er ikkje mange meter som skal til i forhold til dagens plan.

– Med 20 x 40 meter får vi ein hall som kan delast i fire gymsalar, vi får areal for flyttbart materiell, styrkerom og plass for treningssyklar. Då har vi eit areal som gjer at kroppsøvingsfaget har tilfredsstillande kapasitet for å dekka faget og skulen sine behov. Vi får nok plass til dagens elevtal og vi er rusta for ei eventuell framtidig utviding.

Dag og kveld

Med full hall vil idrettslivet i Os få letta på det trykket det i dag er på treningstider inne.

– Kommunen har ikkje akkurat kome langt med planlegginga av ny skule aust om elva, og E39 Svegatjørn-Rådal er som kjent under bygging. Det er ikkje utenkeleg at både Os ungdomsskule og idrettslivet i bygda kan få behov for noko meir kapasitet på dagtid og kveldstid, også om ny dobbelthall på Kuventræ blir bygd.

– Det blir dessutan lagt opp til langt fleire bustadar i og rundt sentrumskjerna.

Lærarane vil no senda brev til administrasjonen. Dei vil òg i dialog med det kommunale foreldreutvalet.

– Det hastar å bygga nytt, men vi vil tru at alle er interesserte i å bygga noko som er godt nok.

Samandrag av reguleringsplanen
• Planarbeidet vart starta opp sommaren 2012, og er eit samarbeidsprosjekt mellom utbyggjarar og Os kommune.
• Planen har til hensikt å utvikle Os sentrum som ein styrka handelsstad med å leggje til rette for fleire sentrumsnære bustader, fleire offentlege sentrumsnære parkeringsplassar, opprustning av infrastruktur og gode og trygge gangvegar.
• Planforslaget regulerer nye bustadområde for 76 bustadeiningar, i tillegg kjem sentrumsføremål der det er opna for ein kombinasjon av bustader og næring.
• Planen regulerer òg ny aktivitetshall med kulturlokalar og moglegheiter for offentlege bustader.
Les/last ned planen på oskommune.no

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.