Sport | 20. nov. 2010

Leia lenge - så sa det stopp

Os leia 3/4 av toppkampen mot Fana, men skåra ingen mål dei siste 10 minutta. SJÅ VIDEO.

Leia lenge - så sa det stopp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 20. nov. 2010 18:29

Os fekk ein god start i kampen mot serieleiar Fana, men gjekk på eit tap etter lang måltørke på tampen av kampen.

Laga følgte kvarandre i første omgang, med Os i tet nesten samanhengande fram til pause.

- Vi var knallgode i første omgang, seier Kenneth Husebø.

Vibeke Ingrebrigtsen hadde fleire gode redningar og Irene Tangerås lukkast med både langskot og straffe og skåra 5 i første halvdel.

I dei tre siste minutta før pause viste Fana musklar, 13-8 blei 13-11 rett før første omgang var over.

- Då vi tok timeout på 13-8 var det for å roa ned og prøva å få ei -7-målsleiing før pause. I staden skjedde det motsette, vi hadde Fana i kne, men sleppte dei inn igjen i kampen.

Skåra i 13 minutt
I andre omgang klarte Os å halda leiinga ei stund, men 14-11 endra seg til 14-14 og 15-16. Herfrå og ut blei Os liggande bak.

13 minutt ut i omgangen var stillinga 18-18, i 17. minutt var det 19-21 og i løpet av dei siste 10 minutta skåra Os ingen mål.

Osdamene avslutta tidleg og rota vekk tre store sjansar på kontring med feilpasning på midtbanen.

- Vi har for liten stall. Maria, som truleg braut armen sin i første omgang, var sakna i siste halvdel. Andre som gjorde det skarpt, som Irene og Emilie, måtte kvila litt etter knallhard jobbing i første omgang.

Fana drog ifrå og skåra 10 mål siste halvdel i 2. omgang, gjestane vann 20-28 (13-11).

SJÅ TABELL

Os - Fana 20-28 (13-11)
Utv: Os 1x2 min, Fana 2x2 min

Os sitt lag med mål: Susann Rosvold, Vibeke Ingebrigtsen, Line Borsholm 1, Irene Tangerås 7, Madeleine Hjertnes 4, Emilie Hjertnes 1, Line Hjelle Berentsen, Maria Stangeland Lunde 1, Elise Hjelle 4, Trine Balland, Tonje Hjertnes 1, Hilde Kristine Røttingen.

Video: Sjå samandrag med nokre av skåringane og redningane i starten, midten og slutten av kampen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.