Sport | 03. mai 2015

Leikestove på Kuventræ

Bildeserie: Banka Kopervik 9-0 med tre mann som dobbelt-skårarar.

Leikestove på Kuventræ
Christer Olsen set her inn sitt første og Os sitt fjerde (foto: Andris Hamre)
Andris Hamresøndag 03. mai 2015 15:00

Bildeserie:

1-0 Emil Halvér (foto: AH)
1-0 Emil Halvér (foto: AH)
2-0: Erik Kanestrøm (foto: AH)
2-0: Erik Kanestrøm (foto: AH)
Så nøgd blir Kristoffer Østervold når han set inn 3-0 (foto: AH)
Så nøgd blir Kristoffer Østervold når han set inn 3-0 (foto: AH)
Her set same Østervold inn 5-0 til Os (foto: AH)
Her set same Østervold inn 5-0 til Os (foto: AH)
6-0: Sebastian Skåre Tune bankar ballen i nettaket bak Kopervik-keeperen (foto: AH)
6-0: Sebastian Skåre Tune bankar ballen i nettaket bak Kopervik-keeperen (foto: AH)
7-0: Børge Borgen bruker bakhovudet (foto: AH)
7-0: Børge Borgen bruker bakhovudet (foto: AH)
8-0: Før han bruker beina berre minutta seinare (foto: AH)
8-0: Før han bruker beina berre minutta seinare (foto: AH)
Kraftspissen Christer Olsen bankar inn 9-0 frå 14 meter (foto: AH)
Kraftspissen Christer Olsen bankar inn 9-0 frå 14 meter (foto: AH)
Dagens osing Håkon Kvittingen prøver eit kromspring, men lykkast diverre ikkje (foto: AH)
Dagens osing Håkon Kvittingen prøver eit kromspring, men lykkast diverre ikkje (foto: AH)
Før trenarane Hassan El Fakiri og Ørjan Håland går framfor som gode forbilder og ryddar opp etter gjestane (foto: AH)
Før trenarane Hassan El Fakiri og Ørjan Håland går framfor som gode forbilder og ryddar opp etter gjestane (foto: AH)
1 av 10

Det blei reine leikestova på Kuventræ då Os tok i mot Kopervik i 3. divisjon sundag. Etter berre åtte minutt satte Emil Halvér inn 1-0 etter at Sebastian Skåre Tune hadde fossa fram på høgrekanten og lagt knallhard inn framfor mål.

Etter første skåringa kom gjestane frå Kopervik litt tilbake, men klarte ikkje setta Frode Øvredal Moberg i Osmålet på dei heilt store prøvene. Det gjorde derimot Os i motsatt ende gang på gang. Etter 21 minutt står det 2-0 ved kaptein Erik Kanestrøm, som får ballen litt heldig etter fleire dårlege klareringar i Kopervik-forsvaret.

No hadde Os fått blod på tann. Kristoffer Østervold headar inn 3-0 etter eit nydeleg raid og innlegg frå Knut Spangelo Haga på venstre kanten. 4-0 står Christer Olsen for då ha fossa frå Kopervikforsvaret i bakrommet. Aleine med keeper gjer han ingen feil og set ballen kontant i mål.

Os er ikkje nøgd med fire før pause. Berre minuttet før dommaren bles av til kvilen er Kristoffer Østervold frampå for andre gong og set inn pauseresultatet 5-0 etter at Emil Halvér har kjempa til seg ballen.

Andre omgangen fortsett som den første. Eit godt Oslag held fram med å terrorisera Koparvikforsvaret.

6-0 kjem etter at Sebastian Skåre Tune kjem på bakre stolpe, 7-0 headar Børge Borgen inn med bakhovudet etter ein corner, før han gjer 8-0 med beina etter ein ny corner berre minutta seinare.

Den siste spikeren i Kopervik-kista får tømrar og spiss Christer Olsen lov til å setta, då han bankar ballen hard i det korte hjøret frå 14 meter.

(Dette er ikkje første gong Kopervik raknar på Kuventræ. Sjå video frå 8-0-sigeren til Os i 2012.)

– Det er synd vi ikkje skårar ti i dag.

– Neida, gutane gjennomfører ein knallbra kamp i dag, skryt Ostrenar Hassan El Fakiri, etter at han saman med assistenttrenar Ørjan Håland har vist spelarane at fotball handlar om meir enn berre å sparke ball. Dei to trenarane tok nemleg på seg oppgåva å rydde bosset rundt innbytterbenkane før dei gjekk i garderoben.

Heldt nullen

El Fakiri gler seg over mykje godt angrepsspel på Kuventræ sundag.

– Gutane viser at dei byrjar forstå det. Dei vekslar mellom å vera tålmodige og hissige.

– Vi spelar rett og slett god angrepsfotball i dag, men vel så glad er eg for at vi igjen held nullen.

– Det er viktig, konkluderar El Fakiri som er særs nøgd med den gode opplevinga kampen gav for spelarar og støtteapparatet.

– Det er viktig å få slike opplevingar, no håpar eg vi ser starten på ei sigersrekke, avsluttar Ostrenaren.

Med sigeren over Kopervik klatra Os til 4. plass på tabellen, berre tre poeng bak serieleiar Riska, men med ein kamp meir spelt enn Stord og Viking 2 som er mellom dei to laga.

Sjå tabellen

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.