Innsatsleiar Tordis Myrseth på basen på Os brannstasjon. Atle Vågstøl frå Os Røde Kors i bakgrunnen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Leiteaksjonen: Ny observasjon

... men politiet har framleis få spor å gå etter i søk etter sakna Alexander Holsen (29).

image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Alexander Holsen (29) blei måndag meldt sakna og i ettermiddag etterlyst med namn og bilde.

Då politiet gjekk ut med etterlysing og ba om tips var førre observasjon av sakna onsdag 4. oktober.

– Etter at vi gjekk ut med etterlysinga har det kome inn tips, fortel innsatsleiar Tordis Myrseth.

Innringar fortalde at sakna er sett gåande ved Rema 1000 i Idrettsvegen i 17-tida torsdag 5. oktober.

– Han skal ha vore iført antrekket som var nemnt i første etterlysing, seier Myrseth.

Slik blir sakna skildra av politiet: Alexander Holsen er 168 cm høg, har normal kroppsbygning, kort, mørkeblondt hår og lys hud. Det er ikkje kjent kva han var kledd i da han forsvann, men Holsen går ofte med lue, blå ytterjakke, tynn strikkegenser, grå eller sort joggebukse, og svarte eller kvite joggesko. Han kan ha gått med solbriller.

– Har de nokre digitale spor å gå etter, for eksempel frå mobiltelefon eller betalingskort.

– Nei, dessverre. Førebels har vi ingen teikn på at sakna har brukt telefon eller betalingskort.

– Har det vore søkt i sjø eller vatn?

– Det har vore noko søk langs sjø og vatn, men ikkje frå sjøen eller i sjøen.

Store styrker ute på søk

Politi, hundepatrulje, Røde Kors og Norske Redningshunder har søkt nær heimen til sakna og i området der han sist var observert.

– Vi har hatt 43 ute på søk. Desse kjem frå Os, Fana, Bergen, Osterøy, Arna, Åsane og Nordhordland, fortel Atle Vågstøl frå Os Røde Kors.

– I tillegg har Norske Redningshunder stilt med 7 ekvipasjar.

Politiet ber folk som har tips eller observasjonar knytt til Alexander Holsen om å ringe tipstelefon 480 02 480 eller 02800.

– Korleis arbeider de vidare med å finna sakna?

– Det aktive søket ute i felten blir trappa ned no i natt, men etterretninga, som har gått parallelt, held fram. Os lensmannskontor jobbar blant anna med å kontakta familie og omgangskrets på jakt etter informasjon som kan gje oss spor å gå etter.

– Vi tar fortløpande vurdering om korleis vi skal søkja i morgon og vi håper framleis at det kan koma inn nye tips i saka.

– Informasjon som kan verka irrelevant kan vera god informasjon for oss, ikkje nøl med å ta kontakt.

Fleire saker

bilde-midtsiden

– Vi ser bra ut

20. oktober 2017

Ruben Hetlevik ventar ein jamn kamp med høgt tempo mot Brann 2.

bilde-midtsiden

Kritiserte sakshandsaminga

20. oktober 2017

Terje Sperrevik (TvS) var kritisk til korleis administrasjonen har handtert Fjellheim-saka.

bilde-midtsiden

Gapahuken er ferdig møblert

20. oktober 2017

Søndag om ei veke er det offisiell opning av det store, arkitektteikna taket ved Knutabruo.

bilde-midtsiden

Krev omkamp på Hjelle

20. oktober 2017

Oposisjonen krev utgreiing av skuletomt mellom Lyssandfabrikken og Hesthaugen.

bilde-midtsiden

Å passera tøffe hinder

20. oktober 2017

Lanserte CRUX på Vindfanget: Det er ei meining bak det nye namnet til Kirkens Sosialtjeneste.