Lokal | 19. okt. 2017

Ligg over det nasjonale snittet

Elevane frå ungdomsskulane gjekk i fjor ut med høgre karakterer enn landssnittet.

Ligg over det nasjonale snittet
Skulefaglege rådgjevarar Signe Christensen og Knut Vidar Garlid presenterte tilstandsrapporten for skule i tenesteutvalet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretorsdag 19. okt. 2017 06:53

Bildeserie:

Grunnskulepoenga i Os kommune over tid
Grunnskulepoenga i Os kommune over tid
1 av 1
Grunnskulepoenga i Os kommune over tid

Det kjem fram i tilstandsrapporten for barnehage og skule for 2017 som blei presentert i tenesteutvalet onsdag.

– Vi har ein oppgang på grunnskulepoeng. Det er dei elevane konkurrerer med når dei går ut av ungdomsskulen. No går grunnskulepoenga litt opp over heile landet fordi valfag også no tel med, men i år ligg vi over snittet i Noreg. Her er alle karakterene med, ikkje berre dei grunnleggende ferdigheitene som dei nasjonale prøvene dekkjer.

– Sjølv om heile landet auker, så er utviklinga vår ei ekte auke. Det er vi godt nøgd med. No ligg vi på grønt, fortalde Knut Vidar Garlid, skulefagleg rådgivar i Os kommune.

Elevane i Os kommune skårar i 2017 42,25 poeng av 60 moglege. Sjå graf over for utviklinga frå 2012 til 2017.

Felles satsing

Av sukessfaktorar trekk ein i rapporten fram lesing og skriving som grunnleggande ferdigheit, eit felles satsingsområde i alle skulane i Os, nettverksarbeid blant lærarane og spesielt for ungdomsskulane den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling med lesing i alle fag.

– Den nasjonale satsinga Ungdomstrinn i utvikling med lesing i alle fag som satsingsområde har vore ein stor suksess for ungdomsskulane våre. Satsinga har vore ein sentral faktor i kvalitetsarbeidet i skulen.

Kva er viktigast å måle?

Tenesteutvalet var sjølvsagt nøgd med at grunnskulepoenga no var på grønt området, men stilte spørsmål om ikkje det var dei nasjonale prøvene som var viktigast.

– De har løfta fram grunnskulepoenga og at det er lite dropouts i vidaregåande skule. Samstundes så er det dei nasjonale prøvene som blir fokus gjennom året. Det står kanskje litt i motsetting til kvarande, meinte Jakob Enerhaug (KrF).

– Eg reagerer litt på at vi har to målbare parameter. Det er bekymringsfullt at vi ligg så mykje under på nasjonale prøver. Desse seier meg eigentleg meir enn grunnskulepoenga. Det er positivt at det er grønt, men eg er litt skeptisk. Det at vi har gått opp på grunnskulepoenga kan ta fokuset vekk frå det dei nasjonale prøvene viser, kommenterte Siren Tømmerbakke (Sp).

– Dei nasjonale prøvene er fokus på grunnleggande ferdigheiter og måler heit spesifikke ting på eit gitt tidspunkt. Dei fortel kor eleven er akkurat på det tidspunktet. Difor blir et ikkje riktig å samanlikne 5. trinnet frå eitt år til eit anna, rett og slett fordi det er forskjellige elevar.

– Det vi har diskutert mykje er at grunnlaget som blir lagt i barneskulen blir målt på ungdomsskulen. Eg er ikkje einig i at grunnskulepoenga ikkje er eit godt mål. Der er det 10 karakterer, som danner grunnlaget for den vidaregåande opplæringa, som blir målt. Dei viser at vi har lukkast med å gje barn og unge eit godt grunnlag for vidare utdanning, svarte kommunalsjef Line Rye.

– Det er det du kan når du går ut av 10. klasse som tel. Om vi klarer å læra alt i 4. klasse er ikkje så viktig om du klarte å lære det i 8. klasse, supplerte Garlid.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.