Boreriggen Song Delta ligg ankra opp utanfor Vinnes (foto: Andris Hamre)

Ligg på vêret

Første nyttårsdag kom boreriggen Songa Delta inn Bjørnefjorden. Den blir truleg liggande ut veka.

Av: Andris Hamre Mandag, januar 2, 2012 - 09:16

Boreriggen Songa Delta var på veg til Kalveklompen-feltet utanfor Bømlo, men dårleg vêr gjorde at dei valde å legga seg i Bjørnefjorden medan dei ventar på betre ankringsvêr. Riggen er fulgt av fire ankringsfartøy og ein supply-båt.

- Delta gjekk frå CCB 30. desember, men vêrmeldingane blei dårlegare og dei valde å gå inn i Bjørnefjorden for å vente på vêret, fortel kaptein på Deepsea Atlantic Kåre Kvalvaag.

Songa Delta er eiga av Song Offshore og borar for oljeselskapet Det Norske. Odfjell Drilling opererar, driftar og bemannar riggen.

- Riggen blir truleg liggande denne veka.

- Igjen vil lokale båtar få skyssoppdrag med mannskap og utstyr, fortel Kvalvaag.

Både Tørris og Lukksund Ekspressen vil assistera riggen.

- Samba har assistert riggen på CCB og vil nok truleg òg bli nytta i Bjørnefjorden ved behov, avsluttar Kvalvaag.

Tips midtsiden.no

Kjetil Vasby Bruarøy + 47 90 78 92 70
Andris Hamre +47 47 90 61 11