I løpet av tysdag 29. august blei eigedomen til Linn og familien til ei øy. (Privat foto)

Linn og familien måtte reddast med båt

Bildeserie: – Samhaldet i Houston er sterkt, vi hjelper kvarandre så godt vi kan.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Mens «Irma» gjer skade i Karibia, og no trugar Florida, jobbar innbyggarane i Houston med omfattande opprydding for å koma tilbake til kvardagen etter flaumen som kom saman med orkanen «Harvey» for rundt 10 dagar sidan.

Veslemøy Lekven Moberg frå Os var onsdag heldig og kom seg vekk kom seg raskt vekk frå Florida, Linn Marita Strønen van Dipten frå Os, som bur i Houston, blei fanga på eigen eigedom.

– Å eiga ei privat øy kan vera ein draum, dette var det motsette, fortel Linn.

Blei anbefalt å ikkje evakuera

Linn, mannen og paret sine to born (6 og 10 år) følte seg trygge og førebudd på «Harvey». Dei fekk informasjon om uvêret fleire dagar i forvegen.

– Men vi forsto av uvêret var sterkare enn venta då vi såg korleis dei lokale handla hundrevis av vannflasker på butikken. Torsdag kveld (24. august) og fredag var mange butikkar tomme for vatn. Sjølv sto eg i kø frå 8 om morgonen fredag og fekk nest siste flaske med propan, så vi kunne laga middag på grillen om straumen skulle gå. Dei fleste skulane heldt stengt fredagen.

Naboar som har budd i gata sidan husa blei bygde kom innom eller slo på tråden for å gje gode råd. Alle hadde opplevd ekstremvër før og USA har svært gode varslingsrutiner med alarm som går ut til mobiltelefonar i faresoner.

– Vårt nabolag blei oppfordra til ikkje å evakuera. Hunden vår gjekk framog tilbake mellom ytterdør og terrassedør, men ville ikkje gå ut, ungane søkte ly i safhouse, eit lite rom under trappa, utan vindauge. iPad-tid som premie distraherte dei nok til ikkje å uroa seg.

Linn sin mann køyrde regelmessig ut for å sjekka kva gater som var opne. Nokre var stengde laurdag. Politiet var ute og sjekka vasstanden og meteorologane meldte at Harvey ville by på mykje nedbør.

– Men ingen hadde trudd at det skulle koma så mykje

Henta venar - i kappløp med flaumvatn

Søndag 27. august blei ekteparet oppringt av venar som var omringa av flaumvatn. van Dipten køyrde ut med sin Raptor og henta familien. Turen heim blei eit kappløp med flaumvatn og stengde vegar.

Frå søndag til tysdag budde det to familiar i huset.

– Mange gode minner blei til over gode måltid. Ungane leika og koste seg, ute regna det konstant. Eit par dagar med regn er ikkje så skummelt for ein vestlending, og då tornadoalarmen byrja å avta kom håpet sigande.

Men nabolaget Linn og familien bur i ligg rett nord for Addicks-reservoaret, og problemet kom då dammen i dette reservoaret var full. Innan tysdag budde familien plustelig inne i reservoaret. For å få kontroll med vannmassane måtte styresmaktene opna slusene. Om dei ikkje hadde gjort dette ville det blitt ein ukontrollert flaum i større delar av Huoston.

– Uheldigvis blei frykteleg mange hus sør for oss ramma av flaumvatnet som straumde gjennom slusene inn i Buffalo Bayou frå Addicks and Baker reservoar. Mange av vennane våre har hus og bilar som framleis er under vatn og ikkje kan reddast.

Tårene trilla

Natt til tysdag i førre veke blei det berre 45 minutt med søvn. Hunden byrja å sitja i vindaugskarmen, noko den aldri har gjort før. Brunt flaumvatn steig i gatene.

– Heldigvis klarte vi å få min bil ut av nabolaget og parkert utanfor eit kjøpesenter lengre nord. Vi køyrde Raptoren heim igjen. Vi sjekka etter opne vegar i området, men alt var stengt.

Styresmaktene oppfordra folk om å halda seg heime. Via TV fekk dei beskjed om, når vatnet stig, å trekka opp på loftet og å ta med ei øks så du kunne slå deg ut gjennom taket og bli redda den vegen. Stemninga var nervøs.

Midt på dagen tysdag var eigedomen deira blitt ei øy.

– Ein båt kom inn gata vår. Vi fekk ti minutt å pakka på. Ungar, hund og ryggsekkar blei stabla om bord. Mannen min og ein kamerat blei igjen for å hjelpa eit eldre ektepar i 80-åra som nekta å forlata heimen sin. Ein sumpbåt blei redninga, då desse kan køyra heilt opp til inngangsdøra.

– Det kjentes heilt uverkeleg å forlata nabolaget i båt. Tårene trilla.

Evakueringa blei gjennomført av ei gruppe med frivillige frå Louisiana som kallar seg Cajun Navy.

– Dei blei danna i etterkant av orkanen «Kathrina» og hadde køyrd heile natta for å koma til Houston for å hjelpa til. Ekte heltar!

Innbrot og portforbod

Då dei kom ut på hovudvegen blei Linn og ungane frakta vidare i lastebil. Dei fekk skyss til kjøpesenteret og blei kjempeglade då dei såg at bilen framleis sto der.

– Vi reiste til gode venar som opna heimen sin for oss. Mannen min blei igjen for å passa på vårt og naboane sine hus. Utruleg nok var det ein del innbrot i evakuerte hus. Politiet patruljerte gatene og det blei innført portforbod frå klokka 22 til 5.

– Torsdag blei vi gjenforeint med mannen min. Det var ei god kjensle!

Heimkomsten

Nokre få hus i gata til van Dipten unngjekk å få vatn inn.

– Vårt hus var eitt av dei. Vi unngjekk vasskade med berre to centimeter. Vi mista verken straum eller internett.

Sidan dei visste at huset var tørt valte dei å bli hos venar på sørsida for lettare å kunna hjelpa dei som verkeleg trengte det.

– Ingen i Houston visste kva dag det var, men alle visste kor høgt huset deira er plassert.

Måndag, seks dagar etter at nabolaget flaumde over, flytta ho og familien heim igjen.

– Nabolaget var eit trist syn. Mange hadde fått vatn inn i huset og må riva ut tepper, golv og veggar. Men fellesskapen er styrka. Naboar hjelper naboar. Røde Kors køyrde gjennom gata og delte ut gratis middag til alle som var berørt av katastrofen.

– Flaumvatnet forsvinn litt etter litt, men altfor mange vegar er framleis under vatn.

Ungane byrja på skule igjen i går. Dei blei oppfordra om ikkje å koma i skuleuniform då mange har mista sin i flaumen. Desse får no nye. Skulen byr òg på gratis varm lunsj og middag. På krav maga-senteret der Linn Marita trener kampsport er det gratis barnepass frå klokka 6 til 21 for å hjelpa dei som er ramma.

– Alle hjelper til. Samhaldet i Houston er sterkt no.

– Sjølv føler vi oss heldige, men vi tenkjer mykje på dei som ikkje var. Forskjellande er enorme og vi gjer det vi kan for å hjelpa andre. Tankane våre går no til alle berørte av megastormen Irma, og til Mexico, som akkurat har hatt jordskjelv og som truleg har stormen Katia i vente. Det er viktig å vera eit godt medmenneske også i tida som kjem.

Fleire saker

bilde-midtsiden

29 millionar til bruer

20. september 2017

Fylkesvegar • Fylkeskommunen vil setta av 29 millionar til bruer og 18 millionar til Åsen-Helleskaret.

bilde-midtsiden

Østervold matchvinnar igjen

19. september 2017

Lysekloster fekk det tøft mot Aalesund 2, før utvisinga, men nok ein gong sørgja Kristoffer Østervold for full pott.

bilde-midtsiden

Musikalsk Grytten-premiere

19. september 2017

– Det er ei gåve å ha Espen Leite på trekkspel, seier Albert og Anna-skodespelarane. I morgon har dei Noregspremiere i Os.

bilde-midtsiden

Slo Sædalen på heimebane

19. september 2017

– Vi varierer for mykje, seier Kvile, sjølv om Os 2 har tapt berre 1 av 6 kampar etter ferien.