Sport | 02. okt. 2014

Lite villfisk - mykje oppdrettslaks

Fagrådet for Osvassdraget opnar no for prøvefiske. – Årets villfiskfangst var halvert frå i fjor og det er no mykje oppdrettsfisk på veg opp elva, seier Roald Helle.

Lite villfisk - mykje oppdrettslaks
Os hamn i juli i år. (Ill. foto: Andris Hamre)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 02. okt. 2014 08:54

Årets fiskesesong i Oselvo var to veker lengre enn i fjor, likevel blei det berre tatt 351 kilo fram til 31. august. Av desse var 77 kilo oppdrettsfisk.

Endelege fangstal er ikkje klare, men menga villfisk tilsvarar omtrent halvparten av fangsten i 2013, som også var eit år med nærmast halvert fangst frå året før.

– Dei to siste vekene fram til sesongslutt 15. september blei det i fjor tatt 30 villaks og ingen oppdrettslaks, seier ein av grunneigarane i Osvassdraget, Roald Helle.

– I år blei det i innspurten tatt nesten berre oppdrettsfisk, 18 oppdrett av 22 som blei fiska. Det meste var småfisk truleg frå rømminga i Rosendal.

– Mykje av fisken har dessutan hatt meir lus enn tidlegare, legg han til.

Kritisk høg andel

Helle seier at det til saman denne sesongen er tatt cirka 300 kilo villfisk og 100 kilo oppdrettsfisk.

– Vi er veldig uroa for villfiskstamma. Forskarar seier at 5 prosent innblanding kan vera farleg for genetikken.

– Denne sesongen er vi oppe i 25 prosent oppdrettslaks.

– Andre elver sliter med det same, for eksempel Etne, der det i år har gått opp berre 355 villaks, mot 1123 i fjor! Andelen oppdrett har auka i Etne frå 53 kilo i fjor til 72 i år.

Hasteoppdrag til 15 fiskarar

Tysdag var det møte i fagrådet for Osvassdraget, der det blei bestemt at det skal iversetjast prøvefiske i Oselvo opp til Søfteland.

– Vi har fått løyve av Fylkesmannen og har plukka ut 12-15 fiskarar med erfaring frå prøvefiske og skjellprøvetaking.

Løyvet gjeld fram til 30. november.

– Det hastar med å få opp oppdrettslaksen. Om to-tre veker byrjar villfisken å gyta, den startar litt før oppdrettsfisken. Når gytinga er i gang vil vi stoppa prøvefisket for ikkje å uroa villfisken.

Midtsiden samleside: Jakt og fiske

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.