Lokal | 27. juli 2016

Litt tull i trafikken

Først stoppa politiet i firehjuling som gjekk for fort, så henta dei ein mann som sykla vinglete og hadde kniv på seg.

Litt tull i trafikken
Både mann og sykkel blei køyrd heim etter avhøyr på Lekven tysdag kveld. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 27. juli 2016 07:15

Tysdag kveld kontrollerte politiet nokre ungdomar som køyrde ATV.

– Den eine hadde ein firehjuling som gjekk fortare enn den skulle, og fekk pålegg om å utbetra dette, fortel fungerande lensmann Christine Grindstein.

– Han kunne nok risikert strengare reaksjon, men patruljen blei avbroten av ei anna melding.

Vingla på Lekven

I 22.30-tida kom det melding om ein syklist som kunne vera farleg både for seg sjølv og andre.

– Han skal ha sykla svært vinglete. Patruljen møtte syklisten, ein mann i 30-åra, og han blei meldt for å gå med kniv på offentleg stad.

Vedkomande blei dimittert etter avhøyr på staden og både mann og sykkel blei køyrd heim.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.