Julekonsert med Nornekoret 2017

Løfta ungdomen fram før jul

Nornekoret med gjestar lagde god julestemning i Os kyrkje.

image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Søndag heldt Nornekoret sin årlege julekonsert, også i år i Os kyrkje, og på dagen dei har prøvd å halda som tradisjon.

– Koret liker å sikta seg inn på første søndag i advent. Det er ikkje alltid det passar, men i år fekk vi det til, seier dirigent Laila Storvik.

I fjor var ho nyleg påtroppa som dirigent, og song saman med avtroppande dirigent June Strønen under julekonserten.

Sjå video frå konserten i 2016

I år, som i fjor, hadde Nornekoret med seg både unge musikarar i bandet og som gjestesolistar.

Bandet: Anne Leni Sæbø (piano), Terje Neset (bass), Nils Midtseter (trommer) og ungdomane Josefine Lunde Bøe (gitar) og Thomas Hjertaker (obo).

Gjestesolistar: Katrine Haugland Tvedt, Vilde Birkeland Skogen og Sandra Bakervik Bagne.

Den kjempeflinke medhjelparen Dorthea Kleppe Pedersen (8) tente adventslys og las vers, stødig og tydeleg, før konserten heldt fram.

Fin sortering

Dirigent Laila Storvik fortalte at koret delte konserten i tre akter, der dei ville starta med å synga på norsk, så servera ulike grupper og gjestar, før dei runda av med song på engelsk.

Storvik og nokre av kormedlemmane hadde interessant informasjon om kvar enkelt låt og salme.

– Nokre låtar har vi sunge før, andre var med ny vri eller ikkje framført på ei stund. Eg synest sjølv at Mary's Boychild var kjekk å øva på, og å framføra, den er det litt fart i.

Både gjestane og musikarane i bandet, særleg fløytist Thomas Hjertaker, blei løfta fram og fekk skina åleine.

– Det er utruleg kjekt å få med slike flinke, yngre krefter, og at dei blir ein del av heile konserten vår, synest Storvik.

– Nokre av kormedlemmane har òg blitt pusha litt, noko som gjorde at vi hadde litt meir solosong å by på i år.

Kyrkja var nesten fullsett og publikum var strålande nøgd etter nesten 90 minutt med julesong. I videoen over ser du knappe sju minutt av konserten.