Lokal | 30. aug. 2015

Lokalt landbruk gjev best gevinst

Lesarinnlegg: Miljøpartiet Dei Grøne vil at Os skal ha eit berekraftig landbruk der lokal ressursbruk tryggjer arbeidsplassar og sikrar gode, kortreiste matvarer.

Lokalt landbruk gjev best gevinst
MdG vil at Os skal ha eit berekraftig landbruk (foto: MdG)
Andris Hamresøndag 30. aug. 2015 07:34

Satsing på lokalt landbruk gjev ein enorm miljøgevinst. Det er få som vil bestrida at lokalprodusert mat fører til langt mindre utslepp enn mat importert i kjølelagre over enorme avstandar. S​om forbrukarar har vi eit samfunnsansvar for at maten vi et er produsert på ein berekraftig måte, der ein nyttar dei naturgjevne vilkåra og det lokale ressursgrunnlaget. Då må vi ivareta det lokale landbruket.

Kortreist fokus

Dei Grøne vil betra vilkåra for landbruket i Os. Vi vil arbeida for ein nullvisjon av nedbygging av matjord, og syta for at kommunen tek vare på mest mogleg samanhengande landbruksareal i arealplanane. Men like viktig som forutsetningane for levande landbruk som kan produsera kortreist og trygg mat er at forbrukarane og kommunen veit å nytta seg av det. Dei Grøne vil difor at kommunen primært skal nytta lokale leverandørar, også når det gjeld mat og råvarer.

Småskalaproduksjon må kunna marknadsførast og omsetjast i den lokale marknaden, og Dei Grøne vil arbeida for at det i Os vert betre kontakt mellom bønder og forbrukarar. Vi vil fremja nisjebutikkar, samvirkelag, gardsutsal og matnettverk som minskar avstanden mellom bonde og forbrukar. Vi ønskjer å leggja til rette for meir andelslandbruk, kolonihager, parsell­ og skulehagar, samt andre former for matproduksjon i Os. For å gjere det enklare for forbrukar å velja lokalt vil vi at kommunen opprettar ein tenestekatalog for lokale næringar. Vi ser for oss ein levande sentrumsmarknad med kortreiste varer og tenestar, gjerne med avgiftsfrie salsplassar, der lokale produsentar kan selja produkta sine og dela erfaring.

Bonden må få betalt

Den reelle sjølvforsyninga i Noreg er minkande. Utmarka gror igjen, og kommunen går ikkje av vegen for å leggja den beste matjorda under asfalt og betong. Det er blitt stadig vanskelegare for bøndene å leva av inntektene på garden. Dei fleste gjenverande bønder i Os kan nærast betraktast som idealistar – det er andre ting enn god timeløn som må driva dei. Dette har resultert i lågare sysselsetting i landbruket og nedlegging av mange små­ og familiebruk.

S​amstundes viser forbrukarane stadig større vilje til å betala meir for kortreiste varer. Det handlar vel så mykje om tryggleik til kvalitet av lokalproduserte produkter som om kunnskap om at kortreist mat gjev langt mindre utslepp enn importert mat. Landbruksminister Sylvi Listhaug (FRP) vil ha billegare mat og meir effektivt landbruk, men tilbyr bøndene småpengar i landbruksoppgjeret. Miljøpartiet Dei Grøne meiner at bondeyrket må få vesentleg betre inntektsnivå. Auka lønsemd vil gjera det enklare for bonden å ta omsyn til miljø og dyrevelferd i produksjonen, og vil gje forbrukarane trygg, kortreist mat med minst mogeleg belasting på natur, klima og ressurser. Vår stortingskandidat Rasmus Hansson oppsummerte det best: God mat kjem frå godt jordbruk, men då må bonden må få betalt.

Bjørn T. Bøe, 3. kandidat
Tina Bøe Buer, 4. kandidat
Miljøpartiet Dei Grøne Os

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.