Lokal | 24. mai 2011

Lovleg last?

Vekta er faktisk innanfor kravet - men denne lastebilen fekk ikkje kjøra vidare.

Lovleg last?
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 24. mai 2011 19:57

Bli varsla om nye saker:
Følg Midtsiden.no på Facebook

Retta: Vi skreiv først at denne bilen fekk kjøra vidare. Etter testkjøring blei den likevel halden igjen.

Politiet blei tipsa om den spesielle lasta og møtte bilen, som er på veg ut av landet, på Best-stasjonen i Os sentrum. Varebil i lastebil såg ei stund ut til å vera heilt OK.

– Det høyres kanskje rart ut, men teknisk sett så er dette innanfor vekt-kravet med god margin, seier politibetjent Kjartan Snorrason.

Den Latvia-registrerte lastebilen kan ha last på inntil 3200 kilo. Den ribba Vito-varebilen på lasteplanet veg 1600 kilo.

– Så den kunne faktisk hatt to varebilar bakpå?

– Vekt er éin ting, korleis lastebilen taklar lasta er ein annan ting, seier Snorrason.

Sjåføren blei først bedt om å sikra lasta litt betre. Så måtte han kjøra nokre meter for at politiet skulle sjå korleis lastebilen oppførte seg med varebil på planet.

– Lastebilen blei for baktung, så dei måtte setja den frå seg her på Os. Vi har tildelt dei ein mangellapp, så får vi sjå i morgon korleis dei løyser saka.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.