Lokal | 13. des. 2017

Lucia-glede for små og store

Bildeserie: Full uttelling for ungane i Kuventræ barnehage då dei feira lucia på Os VGS.

Lucia-glede for små og store
Ungane frå Espira Kuventræ barnehage underheldt for pensjonistar og elevar på Os vidaregåande skule onsdag (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 13. des. 2017 16:40

Bildeserie:

Luciafeiring på Os vgs (foto: AH)
Luciafeiring på Os vgs (foto: AH)
Ungar frå Espira Kuventræ song luciasongar (foto: AH)
Ungar frå Espira Kuventræ song luciasongar (foto: AH)
for elevar og pensjonistar på julelunsj (foto: AH)
for elevar og pensjonistar på julelunsj (foto: AH)
Så inviterte elevane på VG2 barne- og ungdomsarbeider til juleverkstad (foto: AH)
Så inviterte elevane på VG2 barne- og ungdomsarbeider til juleverkstad (foto: AH)
Reinsdyr høyrer jula til (foto: AH)
Reinsdyr høyrer jula til (foto: AH)
Det gjer òg englar (foto: AH)
Det gjer òg englar (foto: AH)
Og snønisser med blå og raud nisselue (foto: AH)
Og snønisser med blå og raud nisselue (foto: AH)
1 av 7

Førskulebarna, med støtte for nokre fireåringar, skapte skikkeleg julestemning på Os VGS onsdag.

– Vi er jo nabo til skulen, så difor inviterte oss sjølv for å feira Lucia saman med elevane i kantina. Det er første gangen vi gjer dette og i dag var vi ekstra heldige siden pensjonistane som har jobba på skulen tidlegare var samla til julelunsj, fortel Karianne Moberg, styrar i Espira Kuventræ barnehage.

Dei flinke smårollingane varta opp med den tradisjonelle Luciasangen og den meir moderne versjonen Santa Lucia frå Jul i Svingen. Til glede for både pensjonistar og elevar frå helse- og sosial-linene ved Os vidaregåande skule.

Inviterte til juleverkstad

Elevane ved VG2 barne- og ungdomsarbeider returnerte julegleda med å invitera ungane frå Kuventræ barnehage til juleverkstad i klasserommet.

– Vi ville jo berre synga, men det var eit kjempeflott initiativ frå yrkesskulen å invitere oss til juleverkstad. Det er jo også ein god erfaring for elevane å ta med seg, smilte Moberg på veg opp i klasserommet.

Nokre av elevane kjente ungane godt frå før, då dei har vore utplassert i barnehagen på arbeidspraksis.

Faglærar Inger Lise Bråten fortalde at elevane hadde førebudd seg med fire ulike arbeidsstasjonar og i tillegg hadde bakt peparkaker, lussekatter og laga saft som ungane skulle få etter endt arbeidsstove.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.