Marius Mikkelsen var nær skåring på brasse på stillinga 0-1, men Kjetil Hansen redda alt. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Luftige forsøk hindra av Hansen

Keeper Kjetil Hansen frå Os hindra Os å skåra på Varegg i dagens oppgjer på Kuventræ.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Os tok imot Varegg til femte serierunde i dag, og ville reisa seg etter 2-0-tapet for Lysekloster førre laurdag.

Varegg, som tok 3. plass i fjor, slo Os 3-1 i begge kampane i 2016, og har starta årets sesong med 7 poeng på 4 kampar.

• Sjå utvida bildeserie på Facebook.com/Midtsiden

• Følg Midtsiden på Twitter for oppdateringar frå heimekampane til Os.

Det tok tid før Os fekk styringa på kampen, men lykkast ikkje i å skåra på dei mange sjansane før pause.

Etter ein god start på andre omgang mista dei overtaket og gjestane fekk både presset og nettkjenningane.

Os - Varegg 0-2 (0-0)
Mål: Torbjørn Aabrekk (72. og 85. minutt)
Os: Andrew Todd - Torkel Hjertnes, Endre Brenne, Divaldo Cardoso, Knut Spangelo Haga - Steffen Ljosheim, Rafael Villen, Marius Mikkelsen, Erik Kanestrøm - Torgeir Lunde og Anders Havsgård.
Gult kort, Os: Marius Mikkelsen

Dette var Endre Brenne sin første kamp i år. Os hadde berre tre reservar, utanom reservekeeper, men gjorde ingen byte før Ljosheim blei skadd kort tid før slutt. Glenn Krossøy fekk eit innlegg som det blei ein sjanse av i sluttminuttet. Blant dei som er ute er Hafsås, Biko, Takle Eide og Søvik (karantene).

– Det var nokre store sjansar i førsteomgang, hadde dei skåra på nokre av desse kunne det sett annleis ut, seier Varegg-keeper, Kjetil Hansen.

– Fleire av kampane har vore sånn i år, at vi har rydda unna det meste og kome sterkt mot slutten av kampen.

6 sjansar på 10 minutt

Varegg starta kampen best, hadde skot rett utanfor i opningsminuttet og ei skåring på retur frå keeper som blei annulert grunna offside. Os hadde òg sjansar, blant anna eit stolpeskot av Torkel Hjertnes.

I midten av omgangen tok Os over, og skapte mykje. Frå 30. til 40. minutt var det 6 skot og headingar på eller rett utanfor Varegg-målet. Tre av dei var av Rafael Villén.

– Det var tungt å ikkje få utteljing på desse. I pausen blei vi einige om å halda fram i same stil. Vi klarte oss greit i starten påandre omgang, men så klarte vi ikkje å halda intensiteten oppe, seier Rafael etter kampen.

Havsgård hadde ein ball i nota etter innlegg av Kanestrøm, og protesterte då denne blei annulert grunna offside. Mikkelsen hadde eit godt forsøk på brasse på stillinga 0-1 og Kanestrøm hadde eit godt forsøk som Hansen slo til corner i 87. minutt. Men Os gjekk på sin andre kamp på rad utan nettkjenning.

Os speler neste kamp borte mot Fyllingsdalen.

TERMINLISTE OG TABELL