Sport | 01. juni 2010

Luktar på eliten

Fleire toppspelarar kan vera på veg til Lysekloster, blant anna Brann-spelar David Nielsen.

Luktar på eliten
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. juni 2010 11:59

Sjettedivisjonsklubben Lysekloster kan koma til å styrka stallen sin med fleire spelarar med bakgrunn frå norsk og internasjonal toppfotball.

Den siste veka har Midtsiden.no fått tips frå fleire som kjenner klubben godt om at Brann-spelar David Nielsen kjem til å gå til Lysekloster for å spela amatørfotball etter at han 30. juni legg opp som eliteseriespelar.

Danske Nielsen (33) debuterte for Brann i fjor, og har fartstid i blant anna FC København, Midtjylland, Fortuna Düsseldorf, Wimbledon, Norwich, Start og Strømsgodset.

- Eg vil ikkje seia noko om korleis vi ligg an med ein eventuell avtale med David Nielsen, seier Lysekloster-trenar Ørjan Sandal.

Men han stadfestar samstundes at både Nielsen og andre spelarar på høgt norsk nivå er interessante for klubben, og at dei er i tett dialog med fleire av dei.

Attraktiv klubb
I fjor var det fleire som blei overraska over å sjå kva arsenal Lysekloster stilte med i 7. divisjon. Nokre av spelarane har bakgrunn frå lag i 1. og 2. divisjon, som Bryne, Stavanger og Mandalskameratene.

Kvifor er Lysekloster attraktiv for desse, og tydelegvis fleire toppspelarar?

- Det er frå år til år mange spelarar som trappar ned, for eksempel for å prioritera familie eller for å studera. Men dei fleste vil ikkje kutta fotball heilt ut, og når dei ser etter ein klubb nedover i divisjonane, med litt færre treninger per veke, er dei samstundes på jakt etter ein klubb med andre gode spelarar, gjerne også med ambisjonar og eit bra opplegg rundt laget.

Sandal har bakgrunn som talentutviklar, blant anna har han drive Team Fotballtalent Mallorca i 5 år og Team Talent Norway i 7 år.

- Her har eg vore med og trent fram spelarar til 3 ulike Tippeliga-lag, 9 Adecco-lag og over 30 ulike 2. divisjonslag. Kontaktnettet mitt har heilt klart også mykje å seia for attraktiviteten til Lysekloster.

Løna spelarar?
Lysekloster, som rykte opp til 6. divisjon i fjor, leiar tabellen i si avdeling. Nyoppretta Lysekloster 2 deler førsteplassen i 7. divisjon med to andre lag.

Likevel hadde dei nyleg «krisemøte» med spelarane.

- Det kom ein kommentar frå ein av spelarane om at dette måtte vera første gong i historien at eit lag som leiar serien hadde krisemøte. Men vi har i enkelte kampar eller omgangar ikkje spelt så godt som vi ønskjer å spela, og då gjeld det å ta det i forkant, vi vil ikkje venta til resultatet må fortelja oss at vi gjer noko feil.

- I konkurrerande klubbar i bygda blei Lysekloster i fjor kalla «kjøpelag med trenar i heiltidsstilling og fleire betalte spelarar». Stemmer det?

- Eg jobbar ikkje fulltid for Lysekloster, eg driv med talentutvikling på Mallorca og held på å skriva bok utanom. Når det gjeld spelarane våre er det ingen som er løna, men når vi kjem lengre opp i divisjonane er det klart at vi må vera førebudd på lønskostnadar. Det ser vi i alle klubbar, der det er økonomi kjem opprykka.

- Kor høge er målsetnadane på sikt?

- Vi har vår interne målsetnad, men den vil eg ikkje ut med. Men eg kan seia at vi har ambisjonar om å rykka opp fleire divisjonar og at vi skal bli eit attraktivt lag for heile bergensregionen.

- Har de ambisjonar om å bli den nye toppklubben i Os kommune?

- Vi set berre mål på vegne av oss sjølv, og så lenge vi har eit godt nok utviklingstilbod så held vi spelarane i klubben. Men vi har ferske eksempel på talent med ønskje om meir trening enn kva vi kan tilby, som vi har sendt til Os.

- Så får vi håpa at slike spelarar blir godt tatt hand om, og tidleg får prøva seg på seniornivå. Det er viktig at dei som viser seg fram som gutespelarar får fartstid i seniorfotball før dei seglar for langt inn i junioralder, meiner Ørjan Sandal.

Ting på stell
Sandal auka engasjementet sitt då klubben i fjor starta fotballakademiet, eit gratis tilbod til ungar mellom 6 og 16 år.

- Klubben har fin støtte frå sponsorar og god orden og økonomi, og tar seg råd til denne satsinga på dei unge.

Akademiet deler deltakarane i to grupper, 6-9 år og 10-16 år. Det er rundt 20 deltakarar i den yngste gruppa, 8-12 i den eldste.

- Dei yngste har dette som eit SFO-tilbod om fredagen, dei eldste trener to dagar i veka. Dette er eit tilbod som er ope for alle i Os.

Vi møtte Lysekloster-trenaren på banen på dagtid i går. Då gjekk han og vatna kunstgraset. Vi høyrer også om god tilrettelegging for dei vaksne spelarane, som berre treng å ta med seg fotballsko og leggbeskyttarar på trening.

- Det er ikkje eg som vaskar treningskleda. Vi har likt treningstøy som vi har fått levert frå Adidas og nokre eldsjeler i klubben som både vaskar dette etter kvar trening og legg det fram igjen på plassen til kvar spelar før neste. Dette gjev litt ekstra lagkjensle.

- Vi er opptatt av å ha det gøy kombinert med god fotball og å skapa resultat, seier Ørjan Sandal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.