Sport | 26. okt. 2016

Lysekloster bygger stall til 2017

– Jobben blir litt tøffare etter at vi ikkje klarte å halda oss, men det ser likevel bra ut, seier sportsleg leiar Svein Kollen.

Lysekloster bygger stall til 2017
12-13 av Lysekloster-spelarane er på kontrakt ut 2017, men klubben er allereie i gang med jakta på fleire spelarar. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. okt. 2016 11:59

Lysekloster fekk ein tøff debut i PostNord-ligaen (2. divisjon), då omlegging av systemet førte til redusering frå 4 til 2 avdelingar.

Starten på sesongen blei hard, men etter seks tap på rad slo Lysekloster serievinnar Florø borte og tabelltrear Egersund heime. Dei klarte likevel ikkje å halda oppe den sterke sigersrekka frå sommaren, håpet om å halda seg tørka ut og det som skulle vore ein sjarmøretappe mot tabelljumboen på heimebane endte i 0-2 og åttande tap på rad.

– Vi tar med oss det at vi kom på 9. plass av 14 lag i avdelinga, i debuten. Men med omlegging av systemet har krava vore kolossale både frå publikum og andre, både på oss og andre lag, seier Svein Kollen.

Lyspunktet hans i helga blei premier league-favoritten Chelsea sin suverene siger over Manchester United.

– No har spelarane ferie til vi startar opp igjen i midten av november. Vi i leiinga har ikkje ferie.

Held dialogen med 2 av 4 proffar

Fire av spelarane som Lysekloster hadde på proffkontrakt er ute; Petrit Zhubi, Oliver Kirk Larsen, Joshua Philip Pritchard og Sebastian Holmqvist.

– Sjølv om kontrakten gjekk ut ved nedrykk vil vi ha dialogen med to av dei, for å sjå om vi får dei med vidare, seier Kollen.

Dette gjeld Zhubi og Holmqvist.

– Denis Ljubovic er dessutan med, han har fleire roller i klubben.

Ein annan som har fleire roller i klubben, som ungdomstrenar, er Ståle Steen Sæthre. Etter sesongslutt la han ut ei fin helsing på Facebook som nesten kunne tolka som eit «takk for meg».

– Ståle er med oss vidare, han skal endå sterkare inn i klubben.

Har 12-13 spelarar med vidare

Trass nokre proffar på veg heim til Sverige, Danmark og England har Lysekloster sjanse til å halda grei stabilitet i stamma inn i 2017.

– 12-13 av spelarane har kontrakt ut 2017 og har gjeve positive signal om at dei held seg til kontrakten.

Ein av dei som er på utgåande kontrakt er Thomas Helland og to av dei tre keeperane.

– Vi reknar med å ha alle keeperane med oss vidare. Frode Moberg Øvredal, som kom til oss i sommar, hadde ikkje kontrakt, men har nettopp fått tilbod.

– Kva med Baste Jonassen, som studerer i Sogndal?

– Også han har kontrakt ut 2017 og er ein det ser ut som om vi har med oss vidare.

Reknar med tøffe tak også neste år

Kollen fortel at leiargruppa skal ha evalueringsmøte i morgon.

– Vi har allereie starta jakta på nye spelarar. Det er spennande tider og det blir litt tøffare når vi no rykte ned.

– Det er viktig at vi er på offensiven for 2017 blir ikkje noko enkelt år etter denne omlegginga. Berre i Hordaland og Rogaland er det fem andrelag frå Tippeligaen i dei komande 3. divisjonsavdelingane.

Brann 2, Haugesund 2, Viking 2, Sandnes Ulf 2 og Bryne 2 er blant dei Lysekloster og Os kan få som motstandarar neste år.

– Forbundet skal få ei utfordring med å plassera desse laga på ein fornuftig måte, men dei har seg sjølv å takka.

– Det som er sikkert er at vi har hatt eit rotterace i år, men at det òg blir ein tøff sesong neste år for alle med ambisjonar.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.